Birger Jåstad (1904–1984) er neste helgelending på lista. Jåstad oppheldt seg i Leirfjord det meste av livet – der voks han opp, og der jobba han som lærar og ordførar.
Men som forfattar femnar han eit større område. Han er diktaren for høgfjellet og nordkalottfolket. Jåstad er nok mest kjend for barnebøkene sine, som Stabburs-ungane (1974) og Kongeørn-ungen (1978), som har fått fornya aktualitet gjennom ny forsking. Jåstad bed oss ta omsyn til miljø og natur og er dermed i samsvar med det nye økologiske perspektivet i litteraturen.
Diktsamlinga hans, Rimfrostrit (1976), som diktet attmed er henta frå, er karakterisert som «nordkalottromantikk». Det skal vi ikkje forstå negativt. I diktet møter vi ei mystifisering av naturen i ein leikande og lett tone som kan minne om dikt av Jakob Sande. Men det spesielle med Jåstad er den tverrkulturelle, nordafjelske synsvinkelen. Her er det tydelegvis tale om eit kvensk blikk.
Ein fangstmann går til ro om kvelden, medan skogen kring han lever i ein dansande rytme, kvar line går i daktylar. Denne rytmen held fram når «sømnen legg seg i sinnet» og draumane sig innover. Eget i diktet minnest truleg fortida til folket sitt, flukt over fjella, han talar om den finske landsbyen Kilpisjärvi og det mektige grensefjellet Paras, også kalla Barras. Her er ei indre spenning. Den leikande rytmen har noko rastlaust over seg, for setningane er korthogde, og vi høyrer om ulv som «flengjer hasar og sener».
Eit anna dikt eg vurderte å ta med, er «Moskussong», ein høgfjelsk ekvivalent til «Elgen» av Tore Ørjasæter. Dette diktet set det økologiske blikket til Jåstad i perspektiv. Han ynskjer nye dyr velkomne i faunaen så lenge dei tek vare på balansen: «Urgamle isku/ velkomen til landet/ med snork og med raut (…) Vi treng ditt tråkk/ på audegardar nok,/ vi treng ditt mod/ der bygget før stod./ Vi ventar di ferd/ der ingen no er.»
Ronny Spaans
Helligskogjoyk
Helligskogelva byssar
Fjellpryd og sølvfager vier.
Reinroser står og lyser
i kvitmose bærtunge lier.
Ospeblad småskjelv og dansar.
Spelmenn er perleugle.
Her vil eg kvile og kvelde.
Bålet skal jage all kulde.
Fjellvåken heimover hastar.
Ein rypstegg prisar sin make.
Reinflokk i elva vassar.
Så må eg i bålet rake.
Sømnen legg seg i sinnet.
I draumen sig sveltjaga kvenar.
Kvinner og menn krysser grense.
Ulv flengjer hasar og sener.
Minnest eg Helligskogen
og månen som brenn over Paras
vindskog frå Kilpis-järvi
joyk i frå Rieppevarre.
Fullmogne tyttebæra
med fjellgrodde ville smaken.
Der var det godt å vera
litt austafor Trerøysstaken.
Birger Jåstad
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.