Diktet

Diktet til Nesse er vakkert, intenst og tankevekkande

Publisert Sist oppdatert

Åse-Marie Nesse (1934­–2001) sitt dikt om Camilla Collett (1813­–1895) må vel rangerast høgt mellom hyllingsdikt til ein diktarkollega frå eit anna hundreår.

Vanlegvis er slike dikt fulle av skryt og klisjear, men diktet til Nesse er vakkert, intenst og tankevekkande.

Anslaget går rett på Camilla og den brennande kjærleiken hennar til den noko eldre diktaren Johan Sebastian Welhaven (1807–1873). Ei kjærleikshistorie som skapte rabalder og trekantdrama mellom Welhaven, Camilla og bror hennar, Henrik Wergeland.

Nesse beskriv tidas normer og dygder innafor «kniplingsburet» og får fram skapartrongen Camilla hadde, men som ikkje vart levd ut heilt og fullt.

Camilla vart tvinga inn i det konforme, men kjempa for at dei som kom etter henne, måtte få høve til å leve ut draumane sine. Ho oppmoda dei til å flyge og følge lengten og det kjærleiksfulle livet.

I dag står ho på sokkel i Slottsparken og frys. Gravmonumentet ber namnet «I storm».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement