Diktet

Diktet: Stein Mehren

Publisert Sist oppdatert

Postulat: Kjærleiksdikt er einsemds­-dikt.

Kjærleik i seg sjølv krev inga skrift, han har nok med eigen fylde. Han lever utanfor tida. Stein Mehren har i diktet «Tristan og Isolde» skildra dei elskande: «Og de kunne aldri gledes/ ved sin kjærlighet/ for den var deres glede/ …/ De så på hverandre og sa aldri/ Se på vår kjærlighet/ for den var deres blikk».

Vi veit at Stein Mehren (1935–2017) er ein av dei store kjærleiksdiktarane våre. Over 1300 dikt skreiv han, i nærare 30 diktsamlingar. Gjennom stillheten en natt, Hildring i speil, Alene med en himmel, Mot en verden av lys var dei fire første samlingane, som kom årvisst 1960–1963 – alle med kvitt omslag.

Dei hadde ein nærleik i språket som gjorde at dikta til Olaf Bull – også ein kjærleiksdiktar – kjendest meir «høg­tidsame» for nokre av oss som byrja skriva på denne tida. I Bulls «Metope» kjem kvinna òg til orde, men i eit språk som er meir likt den diktande mannens.

Vi veit at «kjærleiksdikt» ofte er monologar, gjerne ei hylling av dei framifrå eigenskapane til den tilbedne. I dagens dikt, frå samlinga Alene med en himmel (1962), er replikken til kvinna knappare enn hos Bull – og set den vel­talande teksten i diktet stillferdig på plass. Det tunge blikket hans – «en sten fra mitt hjerte» – får eit svar frå hennar, halvt humoristisk. Ho godtek tyngda hans, men framhevar òg si eiga.

I lyrikken vår er det ikkje alltid at dei to i eit elskande par framstår som likestilte – likestilte i forståinga av at denne kjærleiken også er ei einsemd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement