Diktet: Ove Røsbak
Foto: Anders Knudsen
Dikt med dialekt kan dra lesaren innåt seg, og dei kan dytte han vekk, om ein kjenner seg framandgjort i møte med orda. Men sjølv eit uvant ordval og ei uvand dialekt kan skape ei kjensle av nærleik i diktet, gjennom å syne ei haldning til språket som noko kroppsleg, munnleg, særeige, nedpå, nært.
Ein poet som har skrive dikt på dialekt heilt frå debuten med Lævandes dikt i 1978, er Ove Røsbak (f. 1959), frå Furnes, no busett på Lillehammer. Røsbak var berre 21 år gamal då han fekk Prøysenprisen i 1980, etter si tredje utgjeving. Han hadde tidleg funne ein tone og eit språk som òg viste seg å treffe lesarane. Vekas dikt er henta frå den fjerde boka hans, Aue i mai, som kom ut året etter.
Samlinga følgjer fleire spor. Eit av spora er eit utval gjendiktingar av den «folkekjære» amerikanske avantgardisten E.E. Cummings (1894–1962), eit anna er ei rekke «eskimodikt», og eit tredje handlar om vår, lengt, mogning og møter menneske imellom. Her er det fleire fine dikt, med varme linjer som «Det lufte sommar ta hud’n dinne/ Vøksi har du i vår, vøksi så/ kroppen din har fått grep om seg,/ rom i seg».
Og så er det fleire dikt som tematiserer diktinga sjølv, slik som dikt nummer 60. Diktet «er en trekkfugl», noko som kjem i rørsle av årstidenes veksling, av instinkt og eit innebygd kompass, som leitar seg fram med «sikkert hjerte». Det skaper si eiga verd, med eiga himling over.
Så kjem ei linje som er gåtefull, men kan hende også løgleg: «Det lyt hævja ut dom høgmelte katten i maga sinne».
Korleis skal ein forstå desse høgrøsta kattene? Vekk med skjerande ulåt, med vesen som er feilplasserte?
Diktet blir til ein stad mellom uvisse og intuisjon. Eit godt dikt «har støtt vøri der», sjølv om vegen fram kan ha vore kronglete og uklår. Og sjølv om det blei liggande att ein katt eller to midt i diktet.
Cathrine Strøm
60
Dikte lyt lete seg fram med sikkert hjerte
Det er en trekkfugl
Det vet å vasslengt er
Dikte har sjøllaga himler
som det kænn bli hengend ti
Det lyt hævja ut dom høgmelte katten i maga sinne
Det lyt tette att høla som det renn gjenferd tur
Det må modnes i vinda meda orda veks inn i det
og da dikte er framme
så har det støtt vøri der
Av Ove Røsbak
Frå Aue i mai (1981)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.