Diktet

Diktet: Instagrampoesi

Publisert Sist oppdatert

Kva tyder eigentleg «instagrampoesi»? Vi veit kva Instagram er, og forstår at instagrampoesi er poesi som oppstår og blir publisert på sosiale medium. Men kva medfører det? Det blir det for tida forska på. Forskarar meiner denne poesien ikkje kan vurderast som annan lyrikk, fordi han ikkje kjem ut i bokform og inngår i det kjende tilhøvet mellom lyrikar og kritikarar i tidsskrift.

Det handlar om ei dikting som lever i noet: Dei som les kontoen til instagrampoetar, rullar fort ned og set «like» på det dei likar. Poeten kan momentant kommentere reaksjonar frå lesarar. Det handlar hovudsakleg om ungdom, difor er denne poesien mykje bruka i skulesamanheng. Som kjent er mental helse eit satsingsområde på skulen. Ikkje uventa finst det ein Instagram-konto som heiter @poesistyrke.

Eit anna moment som blir drege fram, er at denne spontaniteten ved poesien gjer han særs eigna som dikting til samtidige høve og fenomen. Det såg vi til dømes under metoo, då mykje instagrampoesi fekk eit politisk innhald. Instagram er samansett av orda telegram og instant – og det forklårar mykje av det eg nemner her.

Men trass i det «instante» kjem vi ikkje unna det faktum at instagrampoetar gjev ut tekstar i bokform òg. Dermed er instapoesien ikkje så ulik tidlegare diktformer likevel: om det er romersk dikting som levde som graffiti på murvegger før ho var samla på pergament, eller høvesdikt frå tidleg nytid som sirkulerte på pamflett før diktaren eller beundrarar av diktinga hans/hennar samla dei mellom to permar.

Slik er det med diktet attmed, «Hun trodde på engler». Det instante kjem fram i at diktet er anonymt, medan det varige ligg i at diktet er gjeve ut i antologien Ren Poesi (2015), redigert av Ellen Wisløff. Det er òg eit dikt med mental helse som tema. Mange ungdomar har altfor høge mål for livet, mål som er uverkelege og dermed absurde. Det siste ligg særleg i ordvalet «grønne menn». Det er eit spontant dikt som har eit poeng i seg, som gjer det interessant òg for denne diktspalta.

Hun trodde på engler

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement