JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1825
20170505
1825
20170505

Diktet i dag er valt som ei helsing til ei avis som all si tid har gått mot straumen, som har strutta seg fram trass alle hinder, som stikk hovudet fram over alt, ubunden, udanna, frekk og radikal, ein vegvisar som kan hende er uønskt hjå nokre, men ikkje overalt. I alle høve ikkje hjå institusjonen Fritt Ord, som i år gjev prisen sin til det dei kallar ei uvanleg sjølvstendig og informasjonsrik avis som samstundes byd på noko så sjeldan i norsk presse som humor. Til lukke og vel fortent, kjære Dag og Tid!

Grunngjevinga for prisen kan minna om eigenskapane til hestehoven, slik han er skildra i debutsamlinga til poeten og biletkunstnaren Nils Yttri (1947–80). Yttri vart ikkje gamal. Hadde han levd, ville han i år ha fylt 70. Berre fire diktsamlingar lét han etter seg, men med dei rakk han å sette eit tydeleg merke i norsk lyrikkhistorie. Her er alt frå langdikt til små fyndordprega sentensar; ein kan støyta på banalitetar, oppløyste setningar og glidande tilhøve i tid og rom, saman med dei varmaste og varaste kjærleiksdikt og artigaste små humoresker. Yttris dikt har vore kalla «kvardagsblues» – det heng truleg saman med både den musikalske forma og at mange av dikta ber bod om ei oppleving av tyngsle og framandskap knytt til «den mekaniske byen», mekaniske menneske, forbrukarsamfunn og plastlandskap. I ei verd der ingenting er ekte og levande, vert han som skriv, hugtung og åleine mellom alt det døde som omgjev han. Tittelen på det lange diktet som avsluttar den siste diktsamlinga hans, og dermed heile forfattarskapen, er beint fram «Finnes naturen for deg lenger?»

Natur og liv høyrer saman. Kan henda var Yttris herlege helsing til hestehoven uttrykk for ein lengt etter å vera like robust og «full av faen» som den livskraftige og uovervinnelege vesle frekkasen i grøftekanten.

Vigdis Ystad

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis