Diktet
Det er ukjent at Olav Duun skreiv dikt
Ronny Spaans skriv om diktet «Velsigne deg, haust!»
Foto: Ukjend / NTB / Norsk biografisk leksikon
Siste diktaren eg portretterte, var Rolv Thesen. Det er ikkje overraskande å finne dikt om Olav Duun i samlingane hans – forfattaren som Thesen skreiv vektige forskingsarbeid om. «Du hugsa den løynde rikdom som låg der/ i livd av det harde og steingråe lende», heiter det om Duun i «Gåta i verda».
Men det er ukjent at Olav Duun sjølv skreiv dikt. Trønderen gjorde faktisk ferdig ei heil diktsamling i 1904. Det var òg det fyrste manuset hans på landsmål. Men Vetle Vislie, som var læraren til Duun ved Levanger lærarskule, rådde han til å skrive prosa i staden. Ikkje lenge etter, i 1907, debuterte Duun på Olaf Norlis Forlag med Løglege skruvar og anna folk. Sogor.
Olav Duun tok likevel vare på diktmanuset. Han såg altså verdien i arbeidet. Og no i år, med 150-årsfeiringa av forfattaren, høver det med eit glimt av lyrikaren Duun. Heming Gujord har studert dette manuset og omtalar det i biografien sin om forfattaren, Olav Duun. Sjøtrønder. Forteller (2007). Diktet ovanfor er henta frå denne biografien, og det gjev oss ein unik smakebit.
Gujord skriv at dei fleste dikta i dette manuset er merkte av ein tung sentimentalitet. Den unge Duun skriv om «haustlege» kjensler i sitt eige liv, med versliner som «det haustnar herinne;/ det gjeng som ein graatande/ storm i mitt minne». Gujord gjev difor ein større omtale av diktet ovanfor, som skil seg ut ved eit vitalt og positivt innhald. Det er hausten som fornyande kraft Duun syng om. Det som har «bleiknande liv», får gjennom hausten ny kraft gjennom glødande venleiksfargar. Duun peikar truleg på det blasse lauvet om seinsumaren som får sterke haustfargar, og sjølvsagt også på hausten som fornyar i overført tyding.
Vi kan vera samde i at diktmanuset ikkje held same nivå som prosaen. Men manuset er interessant, for det syner at Duun fylgde med i diktutgjevingane i samtida. Jamfør til dømes debuten til ein annan kjend trønderdiktar, Ung sorg (1905) av Kristofer Uppdal. Jamvel om Duun ikkje skreiv fleire dikt, vart han på mange måtar verande lyrikar gjennom heile livet, i dei lyriske skildringane i romanane sine.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.