Illustrasjon: NTB scanpix
Anden nat paa hospitalet
Ad hvad jeg vil fortælle
vil lærde Doktor lee.
De Folk i Maanen Maanen
og intet Andet see.
En himmelsk Nonnes Aasyn
den Syge seer uden Spøg,
en himmelsk barmhjertig Søster,
som gjør ham et Besøg.
Precis som det var lovet
gik Maanen igjen forbi.
Den bar saa deilig en Guldkurv
med hvide Roser i.
Hun kasted dem indad Vindvet;
de spredtes paa Gulv og Seng.
Af Dugg end Kvistene glittred,
hver liig en Sølverstreng.
Saa rent de Roser lyste,
ak, at min Haand saa hvid
blev sort, som om den havde
i Graven alt lagt en Tid.
Min himmelske Nonne hvisked:
«i Rosernes Blegheds Skjær
Du Skjønhedens egen Farve
og Himmelens Aanders seer.
Den skal Du dig udkaare,
ja med en Ridders Mod;
for mine hvide Roser
udslukke de rødes Blod.
Udslukke dem paa Kinden
og paa din Læbe med.
Naar Du er bleg som min Rose,
da har din Smerte Fred.»
Henrik Wergeland
Anden nat paa hospitalet
Ad hvad jeg vil fortælle
vil lærde Doktor lee.
De Folk i Maanen Maanen
og intet Andet see.
En himmelsk Nonnes Aasyn
den Syge seer uden Spøg,
en himmelsk barmhjertig Søster,
som gjør ham et Besøg.
Precis som det var lovet
gik Maanen igjen forbi.
Den bar saa deilig en Guldkurv
med hvide Roser i.
Hun kasted dem indad Vindvet;
de spredtes paa Gulv og Seng.
Af Dugg end Kvistene glittred,
hver liig en Sølverstreng.
Saa rent de Roser lyste,
ak, at min Haand saa hvid
blev sort, som om den havde
i Graven alt lagt en Tid.
Min himmelske Nonne hvisked:
«i Rosernes Blegheds Skjær
Du Skjønhedens egen Farve
og Himmelens Aanders seer.
Den skal Du dig udkaare,
ja med en Ridders Mod;
for mine hvide Roser
udslukke de rødes Blod.
Udslukke dem paa Kinden
og paa din Læbe med.
Naar Du er bleg som min Rose,
da har din Smerte Fred.»
Henrik Wergeland
Den frie tenkjaren og samfunnsdebattanten Walid al-Kubaisi var ei klårttalande, klok og uredd røyst i norsk offentlege ordskifte. Det har kome mange sterke og vel fortente minneord etter at han nyleg gjekk bort. Ikkje noko kjennest likevel rettare enn at me samstundes minnest han med eit av Henrik Wergelands vakraste dikt, som han skreiv på dødslægja i 1845.
Innvandraren Walid hadde ei djup forståing av norsk kultur og tenkjemåte. Betre enn fleirtalet av nolevande nordmenn gjorde han seg òg fortruleg med forfattarskapen til Henrik Wergeland, der både bodskapen om fridom og sjølvstende og den veldige poetiske kvaliteten var noko Walid sette høgt. Når dei båe vart råka av den same sjukdomen, delte dei òg ei særmerkt ro i møtet med det dei visste skulle koma.
I «Anden Nat paa Hospitalet» spelar den 37 år gamle Wergeland (1808–45) på dei såkalla rosekrigane i engelsk mellomalder, der det stod ein dynastisk strid mellom ættene York, med ei kvit rose i våpenskjoldet, og Lancaster, på same vis symbolisert med ei raud rose. Mange diktarar har seinare skrive om denne borgarkrigsperioden. Ein av dei mest kjende er Shakespeare, med ei rad historiske skodespel (mellom anna Richard III). Rosekrigane kling òg med som bakgrunn for dramaserien Game of Thrones.
Wergeland skreiv ikkje slike sogedrama. I staden nytta han rosesymbolet langt meir personleg. I det kvite månelyset som fell inn over sjukesenga, ser og opplever han noko som får han til å vilja møta døden med ope visir. Wergeland vil vera ein riddar som kårar den kvite rosa til sitt teikn. Trass i den sterke kjærleiken sin til alt levande må han med fullt mot velja bort alt den raude rosa står for. Frå no av går han dauden og det evige tilværet friviljug i møte. På liknande vis uttrykte òg Walid seg i nokre av dei siste intervjua han gav. Som Wergelands åndsfrende var også han ein modig mann.
Vigdis Ystad
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.