Danius forlèt Svenska Akademien

«Stol nr 7 – Vakant» står det på Svenska Akademins nettside.

Sara Danius tilbaud seg å kome tilbake til Svenska Akademien, men vart avvist.
Sara Danius tilbaud seg å kome tilbake til Svenska Akademien, men vart avvist.

Snart eitt år etter at Sara Danius forlét stolen og vart kasta frå stillinga som fast sekretær for den prestisjetunge svenske institusjonen, har Danius no formelt forlate Svenska Akademien. Ho får med seg ein tolv månaders sluttpakke og ytterlegare ni månaders sluttvederlag, ifølgje advokaten hennar, Anders Elmér.

– Svenska Akademien har vedteke at det er sakleg grunnlag for å avslutte Sara Danius’ sekretærjobb. Dette har ført til kjensleladd polemikk og samanblanding av ulike spørsmål. Svenska Akademien bed Sara Danius om orsaking for sin del i dette, skriv institusjonen i ei pressemelding.

Danius måtte avslutte arbeidet etter den interne konflikten som følgde då kulturprofilen Jean-Claude Arnault vart skulda for seksuelle overgrep. Arnault, som var ektemann til ein av dei andre medlemmene i Akademien, vart seinare dømd til to og eit halvt års fengsel for to valdtekter. Fleire medlemmer i Akademien trekte seg i protest mot korleis Danius og Svenska Akademien handterte den uavhengige advokatrapporten om banda mellom institusjonen og Arnault.

Danius har sagt at ho for få dagar sidan tilbaud seg å kome tilbake som fast sekretær, men ho vart avvist.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement