JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Då Odd Vinterstø øydela alt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2869
20240105
2869
20240105

Eg kom meg endeleg opp av sofaen og ut, og heldt på å bere nokre plankar frå garasjen og bort til huset. Plutseleg står Odd Vinterstø i tunet og lurer på kva eg skal til med? Han hadde parkert bortmed hovudvegen, så eg høyrde ikkje at han kom.

– Du skremmer vettet av meg.

– Eg beklagar.

– Eg skal berre sage opp nokre plankar.

– Byggjeprosjekt?

– Ja, det er vel det, seier eg, utan å vilje røpe så mykje meir.

Eg har ikkje noka plikt til å halde Odd Vinterstø oppdatert på alt eg gjer. Det har ikkje han noko med.

Det passar dårleg med besøk, og eg håpar han er på farten og berre stakk innom for å seie hei. Eg liker å arbeide i fred, då tenkjer eg mykje klarare. Odd set seg til i trappa og verkar som han har all verda av tid. Han er ikkje den verste å snakke med, eg skjønar berre ikkje korleis han disponerer dagane. Er det ingen som ventar der heime? No blir han vel sitjande og fortelje om alle prosjekta sine, men eg kjenner ingen som med eigne auge har sett han halde på med noko.

No må eg berre gjere det eg hadde tenkt.

– Du må berre gjere det du hadde tenkt, seier Odd.

Eg finn fram handsaga, og Odd byrjar å mase om ei kapp- og gjærsag me kan køyre heim til han og hente. Den kan eg berre låne, han skal ikkje bruke ho sjølv i dag, så det er ikkje noko problem.

– Elles takk, det var snilt, seier eg.

Men eg liker best å sage for hand. Det er ikkje så mykje eg skal sage heller.

Eg har teke ut ein stol frå skuret, der har me alt mogleg av verktøy og ting som høyrer til hagen. Eg legg ein av de lengste plankane over stolen, og Odd spør om han skal halde i enden. Det kan du godt, svarar eg. Det er ikkje lett å hanskast med ein så lang planke åleine. Så slepp eg at beten eg skal sage av, dett i bakken når eg kjem igjennom med saga.

– Du må ikkje dra planken opp, seier eg, då kiler saga seg.

– Eg dreg ikkje opp.

– Du må ikkje presse ned heller, for då blir det òg gale.

– Det blir gale same kva eg gjer.

– Nei, det var ikkje det eg meinte.

– Kva var det då du meinte?

– Berre det eg sa: at saga kiler seg om du dreg for hardt opp.

Odd forstår ikkje kva eg meiner, eller så vil han ikkje forstå. Eg hadde klart det betre åleine, utan hjelp. Han klarer ikkje å halde beint, anten dreg han opp, eller så pressar han ned. Det er rett før eg ber Odd sleppe og gå og setje seg i trappa att. Men eg sagar berre vidare, på trass. Det er ikkje så mykje att, under halve planken.

Saga er litt sløv men eg sagar på, og når eg er nesten gjennom, seier eg takk for hjelpa og signaliserer tydeleg at eg vil ta over haldinga sjølv. Det går ikkje Odd Vinterstø med på, så det nyttar ikkje. Men no held han altfor slapt, og rett før saga er gjennom, blir tyngda for stor og ei diger flis sprekk innover i den delen eg skal bruke, så knekk flisa og planken, og eg kan ikkje bruke nokon av delane. Alt er øydelagt.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis