Brageprisen til Olaug NilssenTo av fire vinnarar av Brageprisen i år er nynorskforfattarar.Brageprisen

To av fire vinnarar av Brageprisen i år er nynorskforfattarar.

Olaug Nilssen vann Brageprisen 2017 i kategorien skjønnlitteratur.
Olaug Nilssen vann Brageprisen 2017 i kategorien skjønnlitteratur.
Publisert

Brageprisane for 2017 vart delte ut tysdag 21. november under ei festførestelling i Dansens hus i Oslo. Brageprisen er ein av dei gjævaste litteraturprisane i Noreg. Han blir delt i fire klassar: barne- og ungdomslitteratur, sakprosa, open klasse – som i år var lyrikk – og skjønnlitteratur. I tillegg kjem heidersprisen.

Dei heldige vinnarane i år var Olaug Nilssen for Tung tids tale (Samlaget) i kategorien skjønnlitteratur, Maria Parr for Keeperen og havet (Samlaget) i kategorien barne- og ungdomsbøker, Thomas Reinertsen (Forlaget Press) Berg for Verdensteater i kategorien sakprosa og Cecilie Løveid for Vandreutstillinger (Kolon Forlag) i kategorien lyrikk. Heidersprisen gjekk til Kari Grossmann – ein av Noregs mest populære biletbokskaparar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement