Bokken Lasson: – Kva ville ho med livet?Kabaretsongaren Bokken Lasson (1871 – 1970) grunnla den litterære kabareten Chat Noir i Kristiania i 1912. Ho er òg blant dei fyrste store grammofonartistane, programleiarane og forfattarane våre.
Bokken Lasson med lutt. På biletet står det skrive «Til min kjære Ilse fra Bokken, høsten 1960».
Foto: Ukjend person / Oslo Museum / Digitalt Museum
Kabaretsongaren Bokken Lasson (1871 – 1970) grunnla den litterære kabareten Chat Noir i Kristiania i 1912. Ho er òg blant dei fyrste store grammofonartistane, programleiarane og forfattarane våre.
Kva er den viktigaste boka hennar?
Lasson skreiv to sjølvbiografiske bøker. Særleg den fyrste er mykje brukt som kulturhistorisk kjelde. Ho skildrar oppveksten som morlaus og religiøs ungjente blant opprørske bohemungdomar, der storesøster Oda leiar an som la vraie princese de Boehême. Bokkens tredje bok, reiseskildringa Østens smil og tårer frå ei reise i India i 1930, var viktig i samtida hennar. Ho brukte boka som eit ledd i arbeid for å få Gandhi nominert til fredsprisen. Saman med andre aktivistar i Indias venner har Lasson ære for at Gandhi blei nominert både i 1937 og 1939. Men Nobelkomiteen våga aldri å gje fredsprisen til Gandhi av frykt for å fornærma Storbritannia.
Kva meinte ho om samtida?
Bokken Lasson var nummer åtte i ein søskenflokk på ti. Mora døydde då Bokken var ti år gammal. Faren, regjeringsadvokat Christian Larsson, makta ikkje å styre dei åtte fridomselskande døtrene sine. Dei braut med borgarlege moralnormer og kjempa mot fordommar. «Hovudmålet for oss Lasson-døtre ble å knekke de mange fordommene, vi var radikale. Vi ville friheten, men de kan jo ikkje nektes at vi tok oss friheter,» konkluderte Bokken då ho fylde 90 år.
Kva innverknad hadde ho på ettertida?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.