Utan frykt har vi ingenting
Stridsberg får det styggaste til å bli vakkert, utan å vere valdsherleggjerande.
Sara Stridsberg debuterte i 2004 og er no aktuell med roman nummer fem.
Foto: Irmelie Krekin
Roman
Sara Stridsberg:
Kjærlighetens Antarktis
Omsett av Monica Aasprong
Aschehoug
«Bare de som håper på noe er redd, og det gjør ikke jeg.» Det er Kristina, eller Inni, som ho blir kalla av sine næraste, som fortel dette, etter at ho blir brutalt myrda. Ho går i dødsfella, nesten med vilje, og ho blir ikkje redd, ikkje ein gong når ho forstår at ho skal døy.
Mordet i skogen
Inni er ung, ein stad i tjueåra, og har to barn, men føler likevel at ho har lite å tape. Ho har hamna på utsida av samfunnet, der ho har blitt glad i heroin som ho får tak i ved å selje kroppen sin. Det første barnet blir tatt frå henne, medan ho vel å gi frå seg det andre barnet, og på grunn av dette mistar ho òg kjærasten.
Inni vender seg direkte til oss som les, og ho bruker taletida si til å fortelje om att og om att og om att korleis ho blir drepen. Det er sjølvsagt ubehageleg å lese, men det er minst like mykje vakkert, utan at det er valdsherleggjerande. «Vi var altså i skogen» er opningssetninga, det er i skogen Inni tar dei siste andedraga. Vi får verkeleg vere mykje i skogen her, alt er skildra så sanseleg, ned til den minste vassdropen og det svakaste vindpustet.
Eg kan ikkje hugse sist eg såg eit bokomslag som passar så godt i hop med opplevinga. Vi ser eit vatn, eit slags tjern, kanskje, med små bølgjer som skrifta føyer seg etter. Og fargane er grå, blågrå, grøne rundt blada til ei vasslilje. Det ser jo nesten koseleg ut, gjer det ikkje? Men så ser vi òg at det er litt grumsete, litt skite, vi kan ikkje vite kva som gøymer seg på botnen av vatnet. Stridsberg klarer nemleg på eit nærast magisk vis å føye saman desse kontrastane. Sjøen og skogen er element som går att gjennom heile boka, og dei representerer både liv og død. Det mørke og det lyse blir eitt. Dette grepet ligg òg i tittelen med den varme kjærleiken og det fjerne og iskalde ved sørpolen.
Utanfor
Forfattaren er svært god til å skrive fram stemmer til dei marginaliserte. Det har ho òg vist mange gonger tidlegare. Desse outsiderane får meg til å tenke på Per Olov Enquist og Maria Kjos Fonn, to forfattarar som er vidt forskjellige frå kvarandre språkleg, men som begge har ein slektskap med Stridsberg i val av romanfigurar.
Inni fortel frå ein ubestemt stad; den unge kvinna har bokstaveleg tala hamna utpå, i limbo. Eg ser for meg at ho svevar rundt som ei gråblå regntung sky med god utsikt til alle ho bryr seg om. «Den siste gangen noen sier navnet på jorda får vi reisepass», forklarar ho. Inni må bli verande i denne mellomstaden lenge, då mordet, som truleg er inspirert av ei verkeleg hending i svensk historie, nemleg drapet på den prostituerte rusmisbrukaren Catrine da Costa i 1984, sjølvsagt blir ei stor mediesak.
Krimforfattar Stieg Larsson har late seg inspirere av det same mordet i ei av bøkene sine, men hos Stridsberg blir det noko heilt anna enn ei krimbok. Perspektivet, som er frå den alt døde kvinna, og det poetiske språket og den gjentakande, nesten meditative behandlinga av mordet, gjer det til nesten det motsette. Kjærlighetens Antarktis bør lesast sakte, både for å få inn det vakre språket og den spesielle stemninga, og fordi Inni fortener at vi høyrer på henne.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kjærlighetens Antarktis bør lesast sakte.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?