JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Unge lovande

Fire forfattarar er nominerte til Tarjei Vesaas debutantpris. Å tre inn i forfattarlivet har vore alt anna enn overveldande for dei.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei nominerte debutantane, frå venstre: Erlend Skjetne, Michael Rindahl, Kjersti Halvorsen og Hanna Stoltenberg.

Foto: Frå venstre: Leikny Havik Skjærseth, Julie Pike, Anna-Julia Granberg/BLUNDERBUSS og Julie Pike.

8317
20200313
8317
20200313

Litteratur

emmajrodli@gmail.com

– Eg har vore på nokre festar med forlaget. Elles har det vore lite skåling med Dag Solstad, sjølv om eg sjølvsagt gjerne skulle gjort det. Kanskje det går føre seg hemmelege festar eg ikkje er invitert til, seier Hanna Stoltenberg.

Ho er ein av dei fire forfattarane som er nominert til Tarjei Vesaas debutantpris for 2019. Stoltenberg har skrive romanen Nada, som er resultatet av eit arbeid ho starta på då ho gjekk på Gyldendals skriveskule. Stoltenberg har jobba som journalist i Aftenposten K og D2 tidlegare og vart så godt som handplukka inn i ein forfattarkarriere.

– Eg vart kontakta av ein redaktør i Gyldendal som lurte på om eg skreiv skjønnlitterært. Eg viste han nokre sider, og han meinte eg burde søke meg inn på Gyldendals skriveskule. Det er somme som er skeptiske til skriveskular og meiner at ein blir drilla i ein bestemt måte å skrive på. For meg var det enklare å finne fram til noko som var mitt eige og senke skuldrene når eg var nøydd å vise andre kva eg skreiv på.

Stoltenberg kallar nominasjonen til debutantprisen ærefull.

– Hadde du håpa på ein nominasjon?

– Det er klart ein går med eit lite håp. Men når ein skriv ein debutroman, vil ein berre komme heilskinna igjennom det. Eg var så redd. Målet mitt etter at boka vart antatt var berre å klare å halde fram med å sjå folk i auga. Sjølv om eg ikkje skriv om meg sjølv, er det noko avslørande ved å vise fram sitt beste forsøk på noko ein verkeleg har lyst til å få til.

Hadde eit håp

Stoltenberg er nominert til Tarjei Vesaas debutantpris saman med Erlend Skjetne, Michael Rindahl og Kjersti Halvorsen.

Erlend Skjetne er nominert for diktsamlinga Skare, som kom til etter at Skjetne hadde budd i Finnmark i eitt og eit halvt år. Sjølv kallar han diktsamlinga «tilgjengeleg» og seier han diktar over sentrallyriske tema som kjærleik og natur.

– Mange har eit negativt forhold til samtidslyrikken og tenker at han er utilgjengeleg. Mi vesle bok trur eg skal vere nokså grei å forstå. Ho går eigentleg ganske rett på sak.

Skjetne innrømmer at tanken om ein debutantprisnominasjon hadde streifa han.

– Vel, vel. Eg må vere så ærleg å seie at eg kanskje hadde håpa på det ein eller annan gong i august då boka kom. Eg set veldig stor pris på nominasjonen, seier Skjetne.

Michael Rindahl, nominert for romanen Gammelgresset synest tvert om nominasjonen var stressande i førstninga.

– Det kjennest bra no. Eg vart ekstremt stressa med det same, for det kom så uventa. Romanen har vore ferdig ei god stund, og eg har jobba med neste utgiving. I tillegg har eg forbunde debuten med ei skamkjensle. Men det var gledeleg då det fekk sokke inn.

Rindahl fortel at han tok til på skrivinga av Gammelgresset i 2015, og at han sidan den gongen har endra skrivemåte og haldninga si til litteratur.

– Eg har hatt tvil om debutboka. Ho kunne så lett ha vorte mange hakk betre.

Skal ein tru meldinga av Gammelgresset som Oddmund Hagen skreiv i Dag og Tid i fjor vår, skriv Rindahl opp mot Tarjei Vesaas sjølv. Romanen handlar om 62 år gamle Edvin som har vore postmeister på ei øy i Vesterålen. Handlinga går føre seg to år etter at Edvins postkontor er blitt nedlagt, og Edvin meir eller mindre er tvangsflytta til fastlandet.

– Det er jo nokre tydelege likskapar med Fuglane. Også ned på merkelege detaljnivå. Eg las ikkje Fuglane før etter at eg skreiv mi bok. Det var kanskje dumt. Hadde eg lese romanen før, hadde han kanskje fått innverknad på romanen min, seier Rindahl.

Aktuell tematikk

Kjersti Halvorsen henta ideen til den debutantprisnominerte romanen sin, Ida tar ansvar, i anonyme forum på nettet. I romanen møter Ida, ein psykologistudent ved Universitetet i Oslo, Aksel, som ho mistenker har planar om å utføre eit terroråtak på Blindern.

– Eg er mykje på internett og ser på kva folk skriv om seg sjølv og til kvarandre på forum der ein kan vere anonym. Eg hadde ei erfaring av at jo lenger eg klikka meg inn i strukturane, jo meir sjokkerande syntest eg tinga dei snakka om, var. For eksempel kunne dei gå saman om å hate kvinner fordi dei ikkje fekk sex, slik Aksel gjer.

Halvorsen har fått høyre at tittelen på romanen liknar tittelen på ei barnebok eller tenåringsjentebok frå 1960-åra.

– Og det er noko eg var klar over. Tittelen verkar uskyldig og naiv ved første augekast, men når ein les og forstår ansvaret Ida tek, blir tittelen alvorlegare.

– Synest du romanen din og debutantar generelt får nok merksemd i media?

– Eg har tenkt at eg har fått mange meldingar samanlikna med den typiske debutanten. Det trur eg kan vere fordi temaet for boka er tidsaktuelt, med lukka nettmiljø, terror og frykt for terror.

Melde debutantar

– Eg har vore fornøgd med mottakinga. Eg har fått nokre svært få meldingar, og dei har vore positive. Eg hadde ikkje venta noko meir enn det som kom meg til gode, seier Skjetne om merksemda Skare har fått.

Skjetne meiner lyrikken har ei større utfordring med å nå igjennom i media enn romanar har.

Romanforfattarane Stolten­berg og Rindahl er i likskap med Halvorsen nøgde med talet på meldingar dei har fått.

– Eg var reddare for å ikkje bli meldt enn for å få ei dårleg melding. Mi erfaring er at det gjeld å ha litt flaks for å få meldingar. Får du éi, er det større sjanse for å få fleire. Eg trur mange gode debutbøker ikkje får merksemda dei fortener, seier Stoltenberg.

Stoltenberg trur ho sjølv har vore heldig, og meiner fleire bøker burde vore melde.

– Eg hadde eit møte med forlaget like før boka skulle ut. Dei snakka om mediestrategi, og kva ein kan forvente. Då følte eg at dei var opptekne av å formidle at eg skulle ha låge forventningar, fordi det er ein vanskeleg marknad.

Rindahl trur debutantar har ein unik posisjon.

– Ein har enno ikkje vorte avvist. Eg trur det er vanskelegare å gi ut bok nummer to og tre, for så å oppleve at det blir stille. Litteraturen har ein merkeleg sterk posisjon i media i forhold til for eksempel teater. Ei bokmelding kan fylle ei heil side i ei avis, og det er det ein vørdnad i.

Vegen vidare

Skal vi tru dei nominerte debutantane, har ikkje livet deira endra seg drastisk etter at dei tredde inn i forfattarlivet.

– Eg har fått vere med i Midt-Norsk Forfattersentrum og Trøndersk Forfatterlag. Og i Trondheim har dei fått eit flott litteraturhus med mykje aktivitet. Men eg har forpliktingar, så hadde det vore høve til å drikke champagne kvar dag, hadde eg ikkje kunna gjort det, seier Skjetne.

Livet hans er relativt likt det han hadde før debuten, fortel han.

– Eg har vore med på nokre morosame arrangement og har fått møte spanande folk. Men det viktigaste er at eg har kome meg over ein barriere. Kanskje eg ikkje treng å bruke 20 år på å gi ut neste bok. Det har gitt meg større tru på at det går an å drive med skriving i ein viss skala.

For no når debuten er overstått og vinnaren av debutantprisen snart er kåra, står den vanskelege andreboka for dør. Skjetne starta på eit prosaprosjekt alt før han gav ut Skare, mens Halvorsen ser fram til å skrive meir når ho er ferdig med det siste året på profesjonsstudiet i psykologi.

– Eg trur nok det blir vanskeleg, men eg gler meg til å få fordjupe meg i eit skriveprosjekt igjen. No når eg har gitt ut ei bok, veit eg meir om kva som er vanskeleg med det og korleis eg skal gå fram. Eg har aldri skrive noko så langt før, og det var mykje å halde styr på, seier Halvorsen.

For Rindahl kan prosessen før bok nummer to er ferdig, bli lang.

– Eg skreiv på andreboka mens eg leverte utkast på debutromanen. På eit punkt stoppa det heilt opp, og eg har skrive éin del om og om igjen. Eg skriv for hand, så det går langsamt.

– For hand, sa du?

– Det fell naturleg. Det er noko i det at ein skriv med heile kroppen og ikkje berre med fingertuppane. Det kan bli litt kontrollert å skrive på PC. Av og til skriv eg e-post for hand først også. Det er sikkert reaksjonært og gammaldags av meg.

Andreboka ser ikkje ut til å skremme Stoltenberg heller. Ho finne ein fridom i å starte på eit nytt prosjekt.

– Eg følte lenge at eg var fanga i systemet eg hadde laga meg i den første boka. Å ta til med blanke ark er motiverande og gøy. Eg tenker at eg kan prøve å vere endå modigare og ha endå høgare ambisjonar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis