JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Teiknar ut eksponeringsbehovet

Medan trenden på sosiale medium er å dela blinkskot av borna sine, deler Therese G. Eide teikningar frå kvardagen med tre naselause born.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Therese G. Eide skildrar livet som teiknande trebarnsmor i stripene Intet nytt fra hjemmefronten.

Foto: Heidi Furre

3497
20191011
3497
20191011

Litteratur

maylinnclement@hotmail.com

For 15 år sidan laga Therese G. Eide (41) stripa Victoria, som vart trykt i mellom anna Tommy og Tigern. Men så fekk ho seg ein skikkeleg jobb, som omsetjar, og la stripeteikninga på hylla. Eller, i dagboka heldt ho fram å teikna opplevingar frå eigen kvardag.

– Eg var godt oppi 30-åra då eg vart mor, og eg syntest det var mykje komisk rundt det nye tilværet.

Fyrst fekk ho eitt barn, 20 månader seinare kom tvillingar. Då kom òg ideen om å oppretta ein blogg med striper og ruter. Denne fekk namnet Intet nytt fra hjemmefronten.

– For eitt år sidan kom eg i siste liten med på ei stripeutstilling for kvinner. Etter det har eg halde fram for fullt.

Den skikkelege jobben er lagd på hylla. No er det teikneserien som tek det meste av arbeidsdagen til Therese. Han vert trykt i fleire teikneseriehefte og fekk i vår fast plass i Bergens Tidende. Og til veka kjem altså boka.

– Det er rart å få ein ny karriere som 41-åring. Dette er fyrste gong eg gjev ut bok åleine. Det er spennande og skummelt.

Ikkje nett Knausgård

– Er du utleverande?

– Det er ein pågåande debatt eg har med meg sjølv, sidan eg brukar familien min i stripene. Men det er ikkje nett Knausgård, dette. Dess eldre borna vert, dess mindre personlege trekk gjev eg dei. Det eg deler, er ei god blanding av tull og ting som har skjedd.

Streken til Therese er enkel, og figurane har verken namn eller nase.

– Dess enklare ein teiknar, dess enklare er det for folk å sjå seg sjølv i teikningane, seier Therese og signerer sitatet med teikneserieskaparen Scott McCloud.

– Eg har alltid teikna, men det var fyrst då eg vart forelder, at eg meistra å setja teikninga i ein humoristisk kontekst som kunne ha relevans for andre enn meg sjølv. Den beste attendemeldinga eg får, er når folk seier dei kjenner seg att i stripene mine.

Morsrolleforventning

Tidlegare i år gav Therese saman med Heidi Bøhagen og Kristin Storrusten ut boka Feltnotater fra småbarnslivet. Boka er om barneoppseding og hausta gode meldingar. «Hvis det er én ting jeg skulle fått i hånden da jeg nettopp hadde født, var det denne boken», skreiv Hilde Østby i Aftenposten.

– Er det store forventningar til livet med småbarn?

– Eg kjenner folk med enorme forventningar, men har òg venner som ikkje ynskjer born i det heile, som tenkjer det er heilt forferdeleg. Eg trur det er vanskeleg å finna seg sjølv, den forelderen ein er, i jungelen av helsepersonell, familie og folk på internett som kjem med råd. Når det er sagt, er det nok òg vanskeleg å kommunisera med nye mødrer. Dei er ofte usikre. Eg var i alle fall det. Eg tok på meg ei rolle som innebar at eg skulle ha ibuande kunnskap som eg ikkje hadde.

Eit godt utgangspunkt

At mora har hovudrolla i Intet nytt fra hjemmefronten, er noko Therese får positiv respons på.

– Det er fleire familieteikneseriar frå pappaperspektivet, men ikkje like vanleg at mora er den «uansvarlege».

Familiesituasjonen er elles ein gjengangar som utgangspunkt for teikneseriar.

– Det er forståeleg; det skjer heile tida noko nytt å ta tak i, anten det er vasskoppar eller FAU-møte.

– Er du med i FAU?

– Alle tvillingforeldre er med i FAU. Me grip fatt i alle høve som finst til å koma oss ut.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dess eldre borna vert, dess mindre person­lege trekk gjev eg dei.

Therese G. Eide, teikne­serieskapar

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis