JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Skatten i strikkebokkista

Historia om selbuvotten er historia om korleis to trådar vart til mønster nok til å mette ei bygd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det skal tynne pinnar til.

Det skal tynne pinnar til.

Det skal tynne pinnar til.

Det skal tynne pinnar til.

4731
20170303
4731
20170303

HANDARBEID

Anne Bårdsgård:

Selbuvotten

Museumsforlaget 2016

Kva er ein tommelfingerregel? I daglegtale er det greitt nok: ein regel som er lett å hugse, og som som regel er nokolunde rett. Men kvar kjem uttrykket frå?

Kan det hende det kjem frå tommelfingerregelen Anne Bårdsgård presenterer i Selbuvotter? Tommelfingerregelen for vottestrikking er at nettopp tommelfingeren skal kunne brettast bakover og hamne på handleddet, og om du brettar vottbladet i to slik at det passar inn i tommelkroken, skal tuppen på tommelen hamne på bretten.

For meg vart det i alle høve ei av mange aha-opplevingar i denne skatten av ei strikkebok. Til vanleg er ikkje denne sjangeren verd å bruke særleg med tid på – strikkebøkene fortel sjeldan noko særleg utover strikkeoppskriftene det er meininga lesaren skal kopiere. Dei kan vere pene eller stygge, men det vert meir ei subjektiv vurdering.

Boka Anne Bårdsgård har skrive, er noko anna. Ja, det er oppskrifter i ho, i den bakarste delen, og det går an å kopiere dei (mellom anna kan du strikke vottane seriemorderska Belle Gunnes strikka som ung), men der stoppar likskapen. Boka fortel ei kulturhistorie.

Mangfald på veg ut

Anne Bårdsgård voks opp med jamleg forsyning av totrådsvottar frå bestemora Inga Bakklien. Då både ho og vottelageret ho lét etter seg var oppbrukt, fann Bårdsgård ut at det ikkje var nokon veg utanom å lære seg å strikke dei sjølv. Men vottemønstra ho fann på Husfliden, svarte ikkje til plagga ho voks opp med – både mangfaldet og detaljrikdommen var ein heilt annan.

Det fekk tekstilkunstnaren Bårdsgård til å gå i gang med ei kartlegging av kva selbuvotten er og har vore for noko. Ho spurde bygdefolket om dei hadde vottar liggjande, og bygdefolket kom. Bårdsgård har kategorisert: Alle mønstera ho har funne, har fått skjematisk plass i boka, noko som gjev ein ny generasjon strikkarar eit grunnrepertoar for å skape eigne plagg, ikkje berre kopiere.

Ein vott er ikkje berre ein vott. Han har ein mansjett (vekk på selbusk), ei grepside og ei utside som er skilde med ein stolpe, ein tommel med to sider og ein kile. Dette visste strikkarane i Selbu ein gong å omsetje i mønstera vi trudde vi kjende – heilt til vi opna denne boka og innsåg at vi ikkje har sett ein brøkdel av kva ei åttebladrose kan gjere – særleg om du har tilgang på eige hand-spunne garn og pinnar i storleik 1,5 (om lag halvparten av det vi i dag ser på som tynne pinnar).

Næringsstrikk

Boka syner korleis strikking har vore ikkje berre sjølvberging, men òg i aller høgste grad næring i Selbu. Dei små fjellgardane var avhengige av kvernsteinsbrota for å gå rundt økonomisk. Då valsemøllene kom på slutten av 1800-talet, gjekk det fort nedover for denne næringa – og for Selbu-samfunnet.

Då var det dei strikka totråds-vottane for alvor kom ut av stovene og inn på marknadene. Å strikke med to trådar har den openberre fordelen at plagget vert varmare, men det gjev òg heilt andre kunstnarlege høve. Dei greip selbyggane med begge strikkepinnane. Selbu Husflidsentral vart stifta i 1934, og alt fyrste året kunne dei vise til eit varelager på 12.000 par vottar og vantar. I 1937 var produksjonen komen opp i 90.000 par, som gav ei omsetjing på nærare 150.000 kroner. Tre fjerdedelar av produksjonen gjekk til eksport.

Timebetalinga var ikkje høg, men det gode med strikkinga var at arbeidet kunne utførast både i ledige stunder og saman med anna arbeid. Ein sokk svarte til ein gåtur på 15 kilometer i makeleg tempo. Kvinner strikka medan dei gjeta på stølen, og menn når dei låg vêrfaste på skogsarbeid. Det finst jamvel forteljingar om menn som vart heime frå skogsarbeid for å strikke, fordi betalinga var betre. Ungar – gutar som jenter – strikka seg til nye skor, konfirmasjonsdress og andre gode.

Slik held Anne Bårdsgård fram med kvardagshistorier som til saman vert votten alle kjenner. Det må vere mange hundre selbuvottar i boka. Kvar detalj, ja nærast kvar maske vert analysert. Di meir ein les om votten, di meir spanande vert han og di meir får ein lyst å lese.

«Livet til Inga var på ingen måte spesielt», skriv Bårdsgård om bestemor si. «Men det som var spesielt med Ingas liv, var at hun sammen med de andre strikkerne i Selbu med sin arbeidsevne og sin skaperglede bidro til å lage et bunnsolid varemerke, en stor eksportartikkel, kjent langt utenfor Selbu og langt utenfor Norge».

Det som er spesielt med Selbuvotter, er at boka klarer å få masker strikka for hundre år sidan til å framleis imponere og inspirere.

Siri Helle

Siri Helle er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Di meir ein les om votten, di meir spanande vert han.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis