JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

Magnhild Folkvord kjem ikkje heilt i mål

Konklusjonane forfattaren trekkjer om Magnhild Haalke, er ikkje overtydande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Magnhild Haalke debuterte som forfattar 50 år gammal og fekk fleire prisar for forfattarskapen. På begge bileta er ho fotografert i heimen.

Foto: Wikipedia / Digitalt museum

4434
20190322
4434
20190322

Biografi

Magnhild Folkvord:

Der livet brenn. Ein biografi om Magnhild Haalke

Samlaget

Magnhild Folkvord kjende ikkje forfattarskapen til Magnhild Haalke (1885–1984) då ho vart oppmoda om å skrive ein biografi om henne. Ho las då dei mange ættesagaene og nåtidsromanane Magnhild Haalke hadde skrive med bakgrunn i eigne heimtrakter i Vikna i Nord-Trøndelag, og vart både oppglødd og forundra over at ho ikkje hadde oppdaga dei før. Ikkje minst undra ho seg over at ein forfattar som hadde vore svært anerkjent i si tid, mykje lesen og omsett til fleire språk, kunne ha gått så totalt i gløymeboka. Biografien er såleis eit forsøk på finne svar på denne gåta og samtidig overtyde om at forfattarskapen stadig har noko å seie oss.

Dette lukkast ikkje heilt. Og det kan ha noko å gjere med at Folkvord er svært forsiktig i argumentasjonane sine, og at konklusjonane ho trekkjer, ikkje overtyder. Kan det òg ha noko å gjere med at det å skrive om skjønnlitteratur verkar noko uvant for henne?

Folkvord har rett nok gjort solide undersøkingar, blant anna ved å gå gjennom landsaviser, lokalaviser og ulike arkiv, og ho har grave fram mykje nytt stoff både om tilhøvet til forlag og til ektemannen, målaren Hjalmar Haalke. Ho lener seg òg på Magnhild Haalkes (lett idealiserte) minnebok Mot nytt liv (1978). Etter eit opningskapittel om debuten med Allis sønn (1935), ein roman som straks gav Magnhild Haalke eit namn langt ut over snevre litterære krinsar, går Folkvord attende til f­­amiliehistoria og følgjer henne kronologisk gjennom oppveksten på ein gard med kulturelt interesserte foreldre, via utdanning, ekteskap og verksemda som lærar fram til ho døydde i 1984, 99 år gammal.

Utvendig romananalyse

Livsskildringa blir broten av korte innhaldsreferat av dei ulike romanane ettersom dei kjem. Størst merksemd får bøkene Allis sønn, Trine Torgersen, om ei lærarinne med same namn, trilogien om Gry, som vert utnytta heime på garden, om Magnhild Haalkes eigne formødrer, og samtidsromanane om kunstnaren Serina. Folkvord kjem likevel med få eigne vurderingar. Ho gir heller stor plass til reaksjonane frå kjende meldarar som Philip Houm, Johan Borgen, Eugenia Kielland, Kristian Elster, Sigurd Hoel og Rolv Thesen. Haalke vart særleg rost for den psykologiske innlevingsevna si, for naturskildringar og for skildringa av barn og sterke kvinner, medan meiningane om språket og stilen hennar, eit bokmål med sterke dialektinnslag, var noko meir delte. Ein del meir generelle kapittel om klassekamp, lærarkamp, språkstrid og kvinnekamp på 30-talet er skotne inn i det biografiske og litterære stoffet. Dette kan vere interessant i seg sjølv, men bidrar til å gi framstillinga eit noko springande preg.

Kvifor skal vi lese Haalke i dag, spør Folkvord til slutt, for det synest ho vi skal. Men argumentasjonen er tynn og generell: «Forfattaren evnar å sjå dei (menneska) frå innsida på ein måte som gjer at lesaren blir fanga, og heile tida blir det spanande å følgja med på ‘korleis det går’, sjølv om det til tider finst lite ytre handling.» To raude trådar finn ho elles i forfattarskapen: «kunstnardraumen og synet på barnet». Eit barn har rett til ei god mor; dette var ei hjartesak for Magnhild Haalke. Men kvinner skulle òg ha rett til å leve sitt eige liv.

Innhald og bodskap

Folkvord legg altså mest vekt på innhald og bodskap, og verkar ikkje særleg oppteken av det spesifikt litterære i vurderinga av forfattarskapen. Og heller ikkje så mykje av sambandet mellom liv og litteratur. Ho reiser til dømes ikkje spørsmålet om kvar Magnhild Haalke har henta dei vrange og vonde morsfigurane sine. Menneske- og miljøskildringa hennar er ofte karikert, noko som òg vart nemnt i omtalar. Folkvord tar ikkje stilling til dette, sjølv om ho reiser spørsmålet om forfattaren er ute etter hemn i skildringa av lokalmiljøet i Vikna, der ho og mannen kjende seg utestengde og forfølgde.

Haalke verkar ikkje alltid like sympatisk, slik ho sjølv presenterer seg i brev til forleggjarar eller i ei vond odelssak. Her skulle lesaren ønske at Folkvord hadde vore litt meir direkte. Det kunne vonleg ha kasta meir lys over forfattarskapen òg.

Jorunn Hareide

Jorunn Hareide er professor emeritus og fast bokmeldar i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Folkvord verkar ikkje særleg opp­teken av det spesifikt litterære i
vurderinga av forfattarskapen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ekstreme nedbørsmengder førte til ein katastrofe i Valencia i Spania 29. oktober. Minst 217 skal ha mista livet, og dei materielle øydeleggingane er kolossale.

Foto: Susana Vera / Reuters / NTB

Samfunn

Prisen for det ville vêret

I forsikringsbransjen er det langt mellom klimaskeptikarane.

Per Anders Todal

Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Husforsikring i hardt vêr

Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?

Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
PerVaglum

Vestre må avslutte konflikter og beklage

«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Tid for realitetsorientering

Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.

Stemninga på valmøtet i Salem var ikkje sint, men fandenivaldsk og sjølvsikker.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

Samfunn

Hjarte for huset

NEW YORK: Valnatta i New York kjendest som eit antiklimaks etter ei veke på reise i det som alt høyrdest ut som Trumps Amerika.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis