JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oscar-vinnar Asghar Farhadi

Oscar-vinnar Asghar Farhadi

Oscar-vinnar Asghar Farhadi

Oscar-vinnar Asghar Farhadi

2255
20170519
2255
20170519

Besøkssenter til Olav digre

Hausten 2016 kom arkeologar over ein sensasjon: Dei fann det som truleg er restane av Klemenskyrkja til Heilag-Olav. Funnet vart gjort i Søndre gate i Trondheim sentrum, og i vår tok dei arkeologiske etterrøknadene til att. Det er Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) som står for undersøkinga. No har regjeringa òg ytra entusiasme over funnet: Dei vil løyve 31 millionar kroner til arbeidet, men pengane skal attåt gå til reising av eit visingsrom med formidling av soga om kyrkja. Ikkje berre det: Det skal etablerast eit besøkssenter i underetasjen på næringsbygget som skal stå på tomta, der ruinane av kyrkja og andre funn frå den arkeologiske utgravinga skal bli presenterte.

Oscar-vinnar i iransk valkamp

Den iranske filmregissøren Asghar Farhadi (f. 1972) er kanskje mest kjend for filmen Nader og Simin – et brudd frå 2011, som han mellom anna vann Gullbjørnen, Oscar for beste framandspråklege film og Golden Globe for beste framandspråklege film for. I februar vann han sin andre Oscar for den fransk-iranske filmen Fortiden. No har han engasjert seg i valkampen i heimlandet. Han har gått ut med ein offentleg appell, der han oppmodar landsmenn til å røyste på den mest reformviljuge presidentkandidaten, Hassan Rouhani, som har som program å setja opp eit charter for sivile rettar, styrkje økonomien og gjera tilhøva til Vesten betre.

«Eg vil røyste på Dr. Rouhani, og eg vonar at dei som enno ikkje har bestemt seg, brukar den grunnleggjande retten dei har, og røyster – trass alle forståelege grunnar – med omsyn til lagnaden til borna i heimlandet vårt og til framtidige ættleder.»

Presidentvalet i Iran skjer same dag som avisa du no har framfor deg, kjem ut.

The Hunger Games blir teater

Mange har fått med seg fascinasjonen for The Hunger Games – ein boktriologi av Suzanne Collins, med action, science fiction og eventyr som ingrediensar. Bøkene er filmatisert, og fekk då tittelen The Hunger Games – Dødsleikane. No kjem teaterversjonen. Det er planar om å byggje ein heilt ny teaterbygning for framsyninga ved Wembley Stadion i London, og kjende musikarar er hyra inn til prosjektet. Det britiske rockebandet Radiohead har fått i oppdrag å laga musikk for teaterversjonen.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis