Barokkens Bob Dylan– Når eg les Petter Dass, får eg assosiasjonar til Bob Dylan, seier musikar Ola Bremnes.
– Når eg les Petter Dass, får eg assosiasjonar til Bob Dylan, seier musikar Ola Bremnes.
Ola Bremnes toneset gjerne dikta til Petter Dass.
Foto: Øyvind Arvola
Det er musikar og forfattar Ola Bremnes som talar om to av sine store heltar. Om det er fire hundre år mellom den nordnorske lutherske diktarpresten og den amerikanske trubaduren, er det for Bremnes ikkje vanskeleg å finne likskapar.
Bremnes presiserer så kva han meiner:
– Som barokkdiktar er Dass ein fantastisk ordkunstnar. Han er ein meister i å føre kontrastar saman, om det er lys og mørker eller det høge og det låge. Tenk berre på formuleringar som «Høye hall og dype dal skal vike» frå «Herre Gud ditt dyre navn». Høyrer eg på «Time Out of Mind» frå 1987 av Bob Dylan, finn eg same evna til å kombinere kontrastar. Det er nett det som gjer Petter Dass tidlaus, ja som gjer at vi kan jamføre han med store kunstnarar frå samtida vår.
Somme får aldri nok av Petter Dass. Ein av dei er Ola Bremnes. Han er i år aktuell med plata Petters poetiske pulver, ei personleg tolking av 14 tekstar frå Dass’ forfattarskap.
Bremnes «har drysset dikterprestens poetiske pulver utover det ganske land i små og store doser. Av og til helt alene, ofte med kor og orkester», står det i presentasjonsteksten på albumet. Sitatet viser mellom anna til to tidlegare plater med dikt av Alstahaug-diktaren Bremnes har vore involvert i: Mitt navn er Petter Dass frå 1984, der syster hans, Kari Bremnes, òg opptrer, og Vær hilset!, som kom ut i 1995, som er eit opptak frå Bodø domkyrkje. Der har Bremnes med seg Bodø Domkor.
– Alle desse platene har forskjellig utgangspunkt. Mitt navn er Petter Dass var mitt fyrste møte med diktarpresten. Den gong ville Kari og eg gjera det så autentisk som mogeleg, med bruk av folketonar og barokkinstrument. Så kom Vær hilset!, der eg gav Dass ein moderne innpakning. Domkoret gav dikta ein heilt annan dimensjon. Men no med Petters poetiske pulver ville eg vera heilt fri føringar som eit meir fasttømra arrangement ber med seg, og gjera noko heilt personleg. Og så har eg fått fem fantastiske musikarar til å jobbe saman med meg. Innspelinga gjorde vi på tre dagar i eit studio i Bodø, der var det full klaff.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.