Å grave etter Sandemose
Forfattar Kjersti Annesdatter Skomsvold ville finne det sårbare i Aksel Sandemose. Ho enda med å ta med seg jantelova inn på fødestova.
Aksel Sandemose heime med tvillingsønene sine. Den eine døydde som barn. I staden for å skrive om tapet, gøymer Sandemose seg bak ein glasvegg av kunnskap og bombastiske utsegner, meiner forfattar Kjersti Annesdatter Skomsvold.
Foto: Th. Skotaam / NTB scanpix
Bakgrunn
Aksel Sandemose
Fødd Axel Nielsen i Danmark i 1899, flytta til Noreg i 1930.
Var gift fire gonger og fekk fem born.
Gav ut 30 skjønnlitterære verk som vert rekna for å vere av det mest sentrale i norsk litteratur på 1900-talet.
Døydde i København i 1965.
I mai i år gav Nasjonalbiblioteket ut boka Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose, ei ny bok i serien om forfattarar som ikkje lenger vert lesne.
Kjelde: Norsk biografisk leksikon

Litteratur
mone@dagogtid.no
Oslofødde Kjersti Annesdatter Skomsvold lever tett på det sårbare. Ho debuterte med boka Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg, om einsemda til pensjonisten Mathea Martinsen, i 2008. Romanen skreiv ho frå sjukesenga som ME-pasient, og ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for han. Bøkene hennar er omsette til 25 språk, og ho har vunne Doublougprisen, lik forfattaren ho fekk i fanget i 2015. Nasjonalbiblioteket gav henne ei oppgåve og frie taumar i arkivet: Er Aksel Sandemose utgått på dato? Ho sprang i antikvariat, fekk tak i romanar, notat og brev. Ho skulle lese ein forfattar som i hans tid var ein sterk kandidat til nobelprisen i litteratur. I tida som følgde, levde ho med Sandemose som innflyttar i undermedvitet, fram til den vesle svarte boka Kjersti Annesdatter Skomsvold leser Aksel Sandemose kom ut i mai i år.
– Det som rører meg
– Du er ein av fleire som har fått i oppdrag av Nasjonalbiblioteket å lese ein «utdatert» forfattar. Er det mogleg å danne seg eit godt nok bilete?
– Eg hadde ikkje noko forhold til Sandemose og den store forfattarskapen hans frå før. Då vert det ikkje eit heilt bilete. Eg er framleis i startgropa som forfattar sjølv, og eg kjenner meg lita framfor ei slik oppgåve. Men eg kjende sjølvsagt til jantelova, og leste Sandemose slik eg les andre bøker, ved å finne det som appellerer til meg, det som rører ved meg, seier forfattaren.
I ei utgåve av Kulturspeilet i 2004, skildra redaktør Kjell Moe Sandemose som ein dritsekk. Det var forfattaren som var fascinerande, ikkje mennesket. Men Kjersti Annesdatter Skomsvold ville grave fram det sårbare hos Sandemose. Då måtte ho gjennom myteveggen og forbi den høge mørke forfattaren.
– Før eg las den siste romanen, skjøna eg at eg leitte etter ein sårbar Sandemose. Men eg vart skuffa. I Murene rundt Jeriko, når han skal skrive om tapet av sonen og kona Eva, startar han som eit trøytt menneske, eit menneske som har mista så mykje. Men han hoppar brått over heile trøyttleiken, og går inn på alt det andre han kan, om mormonar, polygami mellom menneske, og sauetenner. Han tøffar seg. Dette er eg ikkje interessert i. Eg vil vite korleis han gjennom sorga kan verte eit anna menneske. Men Sandemose er kjenslekald. Historiene trillar ut av han, og han underheld meg. Men eg vert ikkje rørt. Det gjorde det vanskeleg å opne seg for teksten, sjølv når han skal skrive om noko så stort og tragisk som når eit barn døyr, seier Skomsvold.
På fødestova
Mytane rundt Aksel Sandemose tek stor plass. Mordet på Newfoundland er den mest kjende. Dei homoerotiske erfaringane i den løynde delen av biografien hans, har næra ei historie om at han var bifil. Og sjølv om jantelova i En flyktning krysser sitt spor er eit oppgjer med heimbyen Jante, skal han ha vore meister i å praktisere nett denne lova på sine eigne barn.
Då Kjersti Annesdatter Skomsvold tok til å lese En flyktning krysser sitt spor, var ho høggravid. Og då ho nett hadde lese jantelova, ville barnet ut.
«Det siste jeg leser, er janteloven, og så ligger jeg på fødestua. Det er ikke rart det går dårlig. Jeg er blottet for mestringsfølelse, føler meg helt udugelig, tenker at dette kommer jeg ikke til å klare. Men så kommer jo ungen ut til slutt uansett», skriv ho.
– Korleis var det å ha Sandemose i hovudet i ein slik situasjon?
– Å ha denne stramme, formanande og bombastiske mannen så nært på meg, då eg sjølv var svært tynnhuda, var spesielt. Og då barnet kom, var det ikkje plass til romfreke Sandemose på ei stund.
– Han tøffar seg
Bøkene Skomsvold har lese, er skrivne over ein periode på tretti år. Ein sjømann går i land frå 1931, En flyktning krysser sitt spor frå 1933, Det svundne er en drøm frå 1946, og Murene rundt Jeriko frå 1960. Sistnemnde las Skomsvold ei stund etter fødselen, når det på nytt var plass til Sandemose.
– Var du ikkje redd for å gje han eigenskapar han ikkje har, ved å skulle grave fram det sårbare?
– Jau, kanskje er han berre slik, kjenslekald? Men då er han ikkje interessant for meg å lese. Eg finn òg mykje i litteraturen hans der eg tenkjer: Ja, dette vil eg lese meir om! Eg likar han svært godt når han skriv om å skrive. Det appellerer til meg. I Det svundne er en drøm gjer han det. Han eksperimenterer med romanforma, og eg likar godt desse forsøka, når han seier kva han vil, sjølv om han ikkje lukkast med det. Eg trur vi kunne prata i lag om å skrive, Sandemose og eg.
– Men hadde Sandemose verkeleg vore forfattaren som påverka samtida si, og kunne fått nobelprisen for det, dersom han lét seg rive opp av sorg? Er det ikkje nett dette høge og mørke, lettfascinerte og lærde mennesket som gjer han til den forfattaren han er?
– Eg trur han hadde vore ein endå større forfattar om han hadde våga å gå inn på dette som han berre ymtar om, seksualiteten sin og tapet. Eg trur han hadde fått nobelprisen då, seier Skomsvold og ler.
– Kanskje ligg det ein usikker mann bakom det bombastiske, i ruinar? spør Skomsvold ut i lufta.
Ho har lese biografien Mannen fra Jante, den siste posten i leseprosjektet, og spekulerer i lag med biograf Espen Haavardsholm om Sandemose verkeleg har gjort drapet som blir skildra i En sjømann går i land, eller om han vart utsett for noko anna på reisa til Newfoundland som 17-åring. I eit brev Sandemose skreiv til Sigurd Hoel, kan ein mistenke at han vart banka opp og valdteken på båten før han rømde.
– Eg kunne ønskt meg at han hadde skrive meir om seksualiteten sin, men eg ser no at han kunne hamna i fengsel for det. Jamvel skulle eg verkeleg ønske han hadde gått lenger inn på seg sjølv. I En sjømann går i land vert hovudpersonen Espen stormforelska i Eva, og drep ein mann for henne. Og så gløymer han henne med éin gong. Det trur eg ikkje på, for kjenslene mine heng ikkje med.
Eldgamle setningar
– Til slutt: Om han har gått ut på dato, kan ein då gjere han aktuell att?
– Eg veit ikkje om ein skal gjere han aktuell att. Der er stordom i Sandemose, sjølv om eg kunne få han heilt opp i halsen. Der er fasettar ved han eg elskar, og eg tek meg sjølv i å sitere han rett som det er. Det verkar nok som Sandemose er min store helt. Men for meg er livet og skrivearbeidet knytt så tett i hop at dersom det ikkje vedkjem livet, så vedkjem det heller ikkje skrivinga. Dersom Sandemose ser inn i seg sjølv, kan eg sjå inn i meg, tenkjer eg. Det gjer han ikkje godt nok i det eg har lese, seier Kjersti Annesdatter Skomsvold.
Les Jorunn Hareides melding av
boka på side 28.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Historiene trillar ut av han,
og han underheld meg.
Men eg vert ikkje rørt.
Kjersti Annesdatter Skomsvold
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?