JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1932
20170324
1932
20170324

Ars Moriendi – eller de syv dødsmåter er truleg den mest kjende diktsamlinga til Georg Johannesen. Tittelen minner om ein kjend sjanger i litteraturhistoria: euthanasia (gresk for «god død»). Denne sjangeren har ingenting med vår tids «aktiv dødshjelp» å gjera; euthanasia-bøker inneheldt milde, trøystande ord til den døyande, det handla om kunsten å døy, og dei var skrivne av prestar og pastorar.

Ars Moriendi er latin og tyder nett «kunsten å døy», men Johannesen snur opp ned på sjangeren. Johannesens forfattarskap blir karakterisert som gjennomsyra av politisk rasjonalisme. Hans Ars Moriendi blir då eit rengjebilete på euthanasia-tradisjonen – det handlar ikkje om trøyst, men om å vekkje menneske til språkleg og politisk medvit. Her har ingen prest, men Brecht – den tyske satirediktaren – vore førebiletet.

Undertittelen «eller de syv dødsmåter» refererer til dei sju dødssyndene frå katolsk-kristen lære. Diktsamlinga er sett saman av sju gongar sju – altså 49 – dikt som er ordna i sju kapittel; dikta står til sju veker og deretter sju dagar. Kvar veke er såleis kopla til éi dødssynd. «Oppslag i en Obos-blokk» høyrer til dødssynda fråssing og til vekedagen tysdag.

Ved fyrste gjennomlesing trur ein kanskje diktet handlar om ulike måtar å døy på, som å drukne seg i badekaret. Men med tanke på tittelinnhaldet (ei anonym Obos-blokk) og den oppattakande strukturen (repetisjonen av «jeg» og eit påfylgjande verb) er det heller tale om kritikk av ein automatisert kvardag: eta same mat kvar dag, hengje opp same vasken på loftet og så bortetter. Lever ein verkeleg, når ein er fanga i ein rutineprega kvardag?

Diktet får meg til å tenkje på eit av Pushwagners kunstverk: tomme andlet i vindaugo i ei bustadblokk. Diktet kan gjerne tolkast som ein direkte kritikk av byggjepolitikken til Obos. Dessverre er mange av blokkene Obos reiser i dag, like triste og umenneskelege som dei som vart reiste i 1965.

Ronny Spaans

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis