Musikk
Arkivet: Soulmannen som preika
Joseph Arrington jr., alias Joe Tex, anno 1966.
Southern Soul blei det kalla, lydsporet til borgarrettskampen i sørstatane på 1960-talet. Ei form for sekularisert gospel med røter i musikken til Ray Charles og Bobby «Blue» Bland. Blåsarrekke, vasstette rytmeseksjonar, gitaristar som spelte riff i staden for solo, lovprisande orgeltonar, alt for bodskapen og feelingen.
Sørstatssoulen blei spelt inn i legendariske studio i byar som Memphis, Tennessee og Muscle Shoals i Alabama og nådde i si korte bløming på 1960-talet hitlistene og konsertscenene i heile USA og Vest-Europa. NRK-TV var til stades og filma då Otis Redding og pakkeshowet til Stax Records var i Njårdhallen. Opptaket er historisk.
Den Southern Soul-artisten som først blei popstjerne, var Joe Tex. I 1965 fekk han ein hit med balladen «Hold What You Got», der han snakkar mellom versa som ein sørstatspastor. Han kalla det rapping, og det blei varemerket hans, seinare overtatt av artistar som Millie Jackson og Isaac Hayes.
Han vert hugsa for elleville novelty-låtar, vare songar med mykje moral og endåtil ein discohit. Om du ikkje hugsar han, leit han opp!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.