Musikk
Arkivet: Jimmy Cliff 1944–2025
Med rette kalla eit ikonisk plateomslag. Filmen og soundtracket bringa reggae til verda i 1972.
I slutten av november fekk vi vite at reggaekongen Jimmy Cliff var død, 81 år gamal.
Tidleg følgde han draumen om å bli popstjerne og drog frå landsbygda på Jamaica til hovudstaden Kingston. Fekk ein hit i 1962 med skalåten «Hurricane Hattie». I London fekk han kontrakt med Chris Blackwell på Island Records og skapte furore på ein stor songfestival i Brasil i 1968. På veg heim att spelte han inn låtar på Jamaica for albumet Jimmy Cliff. Ska og rock steady var blitt til reggae, og Jimmy Cliff ein formidabel låtskrivar. Studiomusikarane var dei fremste i gamet.
Hitlåta og protestsongen «Vietnam» blei favorittsongen til Bob Dylan, og den søkande, men håpefulle balladen «Many Rivers To Cross» trefte alle i hjartet og gjekk rett inn på soundtracket til reggaefilmen The Harder They Come, der Jimmy Cliff spela hovudrolla som Ivan O. Martin. Kona mi sydde trøye til meg lik den Ivan hadde!
Filmen og soundtrackplata gjorde Cliff til superstjerne. Plata har fire av songane hans og elles det ypparste i Jamaica-reggae frå tida 1967 til 1972. Filmen blei utropt til årets beste i Rolling Stone. Musikken til Cliff var universell, han hadde eit enormt internasjonalt publikum. Kjærleik, fred og rettferd var bodskapen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.