Musikk

Arkivet: I perlehumør på Notodden

Terrance Simien med trekkspel og perlekjede på torget i Notodden.
Publisert Sist oppdatert

Vi som midt på 1960-talet likte rocken fordi han var opprørsk, hadde ofte null peiling på at mykje av musikken var coverversjonar av eldre songar, og at Stones og Beatles til og med hadde spelt inn countrylåtar av både Hank Snow og Buck Owens. Då Bob Dylan og Johnny Cash song saman på Nashville Skyline-plata i 1969, blei country tatt inn i varmen.

På opningsdagen til Notodden Bluesfestival spelte Louisiana-bandet Terrance Simien & the Zydeco Experience ein forrykande gratiskonsert på torget, inkludert ein gospelinspirert reggaeversjon av «500 Miles». Ein stor countryhit i Noreg på 60-talet med Bobby Bare. Eg såg flakkande blikk blant bluesfundamentalistar og gammalraddisar: Skulle dei la seg rive med? Eg tenkte: Er vi ikkje komne lenger?

Med blåsarrekke, keyboard, slagverk og elbass i bandet laga trekkspelaren Simien ein kreolkaribisk syntese av Neville Brothers og Bob Marley. Simien song ikkje som Bobby Bare, men som ein gjenfødd Sam Cooke, og på hippievis kasta han perlekjede til publikum slik skikken er under karnevalsparadane i New Orleans.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement