Musikk

Arkivet: Dronninga av countrysoul

I 2004 kom «Bettye Swann» ut på Honest John Records/EMI. Capitol-innspelingar anno 1968–1970 med foto på sjølve CD-en.
Publisert Sist oppdatert

I 1967 hadde Billy Vera laurdagsjobb i legendariske Boss Record Shop i New York. Den nye soulsensasjonen var Bettye Swann med den sensuelle hiten «Make Me Yours». Alle kundane trudde det var den siste plata til Barbara Lewis, som hadde hatt landeplaga «Baby I’m Yours».

Butikksjefen hadde innprenta dei tilsette at kunden alltid har rett. «Dei vil ikkje høyre at dei tar feil. Dei vil berre ha plata.» Så Billy sette berre plata på spelaren når kundane spurde etter den nye til Barbara Lewis. Så gjekk dei ut som lukkelege eigarar av «Make Me Yours» med Swann.

Historia står i heftet til 6-CD-boksen Beg, Scream & Shout! The Big Ol’ Box of 60s Soul (Rhino 1997). 145 låtar der éin-hit-mirakel som mellom andre «Make Me Yours» finst attmed kanoniserte namn som Supremes og James Brown.

Bettye Swann gav ut tre album og ein bråte singlar før ho trekte seg tilbake i 1980. Måten ho gjorde countrysongar til soul på, har treft 2000-talet, og alt ho spelte inn, er tilgjengeleg på CD og sel meir no enn då ho var aktiv. Ho har fans som Joss Stone og Eli Paperboy Reed, og blei hylla på Northern Soul-festivalen i England i 2013.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement