Litteratur
8. februar 1971
Teikning: May Linn Clement
Brev frå Bodil Strømsted, med helsing frå Rolf Jacobsen til meg. Det var verkeleg gildt! Bodil Strømsted skriv godt, er ei uppteki dame med mange interessor.
Såg program frå Japan i TV burte hjå Pål. Kva rasar dei imot? Bilar, fly, tog, teknikk. Røyk, giftgass. Kva vilde Basho ha sagt? Er det noko underleg at folk rømer til gamal kunst og litteratur? Er det fred andre stader?
Her skal ein passa seg! Williams, Marianne Moore, Brecht og seinare Neruda, skreiv anti-poetry, naken, einfeld poesi, for at folk flest skulde skyna dei. Williams var einfeld, men passa måten. Brecht gjekk lenger, men likevel har han att so mykje lyrikk, venleikssans, at det ber.
Neruda prøver òg med einfeld kvardagstale, men fell attende til symbol og metaforar. Og sjå! Han taper ikkje på det, for folk skynar bileti! Dei skynar slike ting, for bilete, ofte djerve friske bilete, høyrer nett kvardagstalen til!
So her skal ein passa seg! Dei mest fantastiske diktarane har alltid lokka folk, ogso vanlege folk. Kom ikkje med for prosaiske ting! Då mistek du deg.
Mange menneske er upptekne med prosaiske ting, med rekneskapar, bokføring, statistikk. Trur dei at slike folk skal verta fengde av turre skjematiske dikt um kvardagslege ting? Vil ikkje heller det uventa, fantastiske fanga dei?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.