JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Ibsen var satirikar i det meste han skreiv

«Ibsen-mafiaen» vil sikkert gremje seg, men Kirsti Boger lèt det stå til med eit kjempeverk som gjer Ibsens dikting til noko anna enn ekspertane vil.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
8322
20170707
8322
20170707

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Med boka Hollandske oppdagelser – Holbergs og Ibsens satiriske skrifter, som ligg føre om ei vekes tid, vil Kirsti Boger vise at Ibsen var mykje meir av ein satirikar enn litteraturvitarane vil ha det til, og at han også var langt meir påverka av Holberg enn dei same fagfolka vil godta.

Men kva har det med «hollandske oppdagelser» å gjere?

Svaret er «Det lærde Holland» eller «hollænderne», ei lita gruppe av Christianias intellektuelle som kvar veke samla seg i Paul Botten-Hansens stover i 1850- og 1860-åra. «Sjef» var verten sjølv, men den unge Henrik Ibsen var ein ivrig deltakar i samtalane. Namnet på gruppa var henta frå ein replikk i Holberg-stykket Jacob von Thyboe.

Kirsti Boger (63) – filolog, omsetjar, språkvaskar og korrekturlesar – har arbeidd i om lag tjue år med denne boka, driven av ein sterk forskartrong. Midt på 1990-talet gav ho saman med Inge S. Kristiansen ut Nora, du lyver, ein studie i Et dukkehjem, som ekspertisen i hovudsak tagde i hel. Boger har sett seg lei på den idealistiske tolkinga av Ibsen, der alt Brand og andre seier blir tatt for god fisk. I staden leverer ho antiidealistiske tolkingar av forfattarskapen.

Kan vi seie at ein hovudtese i boka di er at Ibsen, og Holberg, ved hjelp av satire så å seie lurte seg unna samtidas krav til høvesvis nasjonsbygging og å hylle eineveldet og oldenborgarætta som sat ved makta?

– Absolutt, dette sameiner dei to forfattarane. Dei har skjult det dei eigentleg meinte fordi det ikkje eigna seg i samtida. Båe ville opp og fram, og då gjaldt det å halde seg med patente synspunkt.

Ibsens maskepi

Ibsen var då nasjonalsinna nok i byrjinga av karrieren sin. Men du hevdar at det berre var maskepi, at «det skjuler seg noe heslig bak den tilsynelatende skjønne, plettfrie fasade»?

– Ibsen illustrerte romanfragmentet Norske Mysterier, skrive av Paul Botten-Hansen i 1851, då ikoniseringa av Noreg var på det sterkaste. Boka er ein harselas med dei nasjonalromantiske ikona innan dikting og biletkunst, og konkrete måleri av Tidemand er tydelege mål for skytset.

I 1858 fekk han i oppdrag å skrive ein tekst til Tidemand-biletet «Et gravøl», som blei trykt i Norske Folkelivsbilleder. Leiter du etter ein som har drive gjøn med folk, skal du halde Tidemands målarstykke opp mot Ibsens tekst. Han er så full av brot med førelegget og bisarre påstandar om bondens liv at det er rart han kom unna med det.

– Kva med diktinga i desse åra?

– Det same gjeld for der. Eg går konkret inn i fleire av desse tekstane og demaskerer dei. I Kongs-emnerne, til dømes, viser eg at visjonen eller kongstanken Håkon Håkonson ber fram, den som skal samle heile riket, består av lausrivne brokkar frå Bibelen, skapingssoga og historia om Babels tårn.

– Kva så? Alle forfattarar byggjer på tekstane til andre forfattarar?

– Jo, men Håkon Håkonsons visjon skal vere ny og frisk, noko som ingen før har tenkt. Det er dette som skal gjere han til det naturlege kongsemnet. Men tankane hans er ikkje nye, og Babels tårn fall i grus, altså eit mislykka prosjekt. Mot ein slik bakgrunn blir òg skapinga hans av Noreg eit hybrisprosjekt. Her er det tale om satire på satire.

– Du ser nesten alt Ibsen har skrive som satire. Kan det ikkje tenkjast at du har late deg styre av di eiga overtyding og sett karikatur og harselas der slikt ikkje finst?

– Eg veit kva eg har gjort, og eg står for det. Men eg lèt meg gjerne utfordre på djupneanalyse av ein Ibsen-tekst.

Katastrofekjensle

Kirsti Boger ser Botten-Hansens Norske Mysterier nærast som ein bibel for å forstå Ibsen. Skal du til dømes skjøne knappe- og myntstøpingsmetaforikken i Peer Gynt, kjem du ikkje utanom Norske Mysterier, der Ibsen har henta stoffet.

Norske Mysterier er ei uvurderleg kjelde, og eg er nesten viss på at boka må ha blitt til som eit samarbeidsprosjekt mellom Botten-Hansen og Ibsen. At dette romanfragmentet har fått liggje så å seie unytta, skjønar eg ikkje. Eg følte at eg fann ein skatt.

– Kva for innverknad meiner du Holberg har hatt på Ibsen?

– Ibsen-miljøet har lagt for lite vekt på Holberg. Fleire enn eg har hevda at Holberg er sterkt underkommentert i den store utgivinga Henrik Ibsens Skrifter. Motsett meiner eg Kierkegaard har fått ufortent stor plass. Frå Holberg lærte Ibsen å forkle meiningane sine. Han ville ha jobb, tene pengar, og då måtte han gi seg ut for å vere ein «kammerpoet» med dei korrekte synspunkta. Han skreiv høvesdikt i den «rette» tonen, men fleire av dei er fulle av klisjear.

Ifølgje Kirsti Boger tok Ibsen til å karikere svært tidleg, alt som barn. Han teikna og måla karikaturar, og laga sitt eige dokketeater. Dokkene var vakre, men brått kunne vesle Henrik gi seg til å le støyande når han såg på dei. Då mora kritiserte han, svara guten at han berre tenkte på kor fælt det kunne sjå ut bak dei vakre ansikta. Dette satiriske draget dyrka han også ivrig i tida som apotekarlærling i Grimstad.

– Og dette følger han heile vegen gjennom forfattarskapen, like til skulptøren Arnold Rubek i Ibsens siste drama, Når vi døde vågner. Han lagar portrett av godtfolk, men berre han veit at dei er avbildingar av tamme dyr. Det går ei linje frå Rubek og attende til den vesle guten som laga dokketeater. Ibsen var langt meir av ein satirikar enn vi trur.

– I boka skriv du at «Ibsens emosjonelle habitus som dikter» blei lagd alt i barndommen. Er det dette du då tenkjer på?

– Dette òg. Vi veit at guten lukka seg inne, sat og las, teikna og måla. Likeins veit vi at han las mykje i Bibelen. Dersom han hadde ein illustrert bibel, slik eg trur, vil han til dømes ha kunna sjå svært skumle bilete av daudingar. Det er tydeleg at han tidleg har utvikla ei katastrofekjensle. Han såg at alt som er vakkert, kan ha ei bakside av katastrofe og forgjengelegdom. Dette har tvillaust vore ein del av habitusen hans, men noko av forklaringa finn vi nok i det sosiale fallet til far hans.

Ein pasjonert målar

– Kor viktig vil du seie at «Hollenderkretsen» var for Ibsens utvikling som diktar?

– Eg meiner han har prega han gjennom heile forfattarskapen. Det har vore vanleg å sjå deltakinga hans i denne krinsen som ei «ungdomssynd», noko ein ikkje treng leggje vekt på. Men eg trur at der blei det lagt ei plattform som harmonerte med hans eigen bakgrunn, og at denne har vore grunnleggjande for heile forfattarskapen. Du finn referansar til «hollendarane» svært mange stader i stykka hans.

Aller tydelegast kjem denne påverknaden til syne i Kjærlighetens komedie, som er full av Holland-referansar. Så har du det i Kongs-emnerne, Brand og notidsdrama. Ordet «dukkehjem» har han til dømes henta frå Botten-Hansens skodespel Huldrebrylluppet. Skal du forstå Et dukkehjem, må du lese Botten-Hansen og skjøne kva han meiner med «dukkehjem»-metaforen.

I den 650 sider tjukke boka si presenterer Boger langt fleire parallellar med eller spor etter målarkunst i Ibsens forfattarskap enn truleg nokon har gjort før henne. Også det har samanheng med Holbergs forfattarskap, forklarar ho. Holberg skreiv mellom anna ein epistel om narraktige skilderi, til dømes av Moses. Slike dukkar opp mange stader i Norske Mysterier. Og, legg Boger til, Moses førekjem også i førearbeidet til Brand.

– Ibsen var ein pasjonert målar, men det har forskinga i lita grad brydd seg om. Dei har ikkje skjøna kor viktig biletkunst – især landskapsmåleriet – har vore for han. Det har vore ei sterk drivkraft, og noko han heldt på å vende attende til. Tekstane hans har mange referansar til biletkunsten, ikkje minst i namna han gir personane sine. Det er heller ikkje tilfeldig at Rubek, hovudpersonen i epilogverket hans, er skulptør.

Ibsen skreiv òg eit langt dikt, «I Billedgalleriet». Det les eg som ein dialog med Wergeland og hans «Jan van Huysums blomsterstykke», men også med forfattaren og redaktøren Andreas Munch. Munch var sentral i samtida, men blei seinare viska ut. Då Ibsens karriere tok til, var Munch det store namnet. Den som ikkje har klart for seg kor mykje han hadde å seie, også for Ibsen, går glipp av mange viktige referansar, seier Kirsti Boger.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ibsen-miljøet har lagt for lite

vekt på Holberg.

Kirsti Boger, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis