JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Eg går for langt heile tida

Sigrid Bonde Tusvik meiner ein skal kunne tulle med alt, også voldtekt og pedofili. Men då må vitsane vere gode.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sigrid Bonde Tusvik har nett leia årets Gullruten. No skal ho skrive om at ho elskar mannen i bladet Altså.

Foto: Mone Celin Skrede

7349
20190524

Bakgrunn

Sigrid Bonde Tusvik

Fødd i 1980 og oppvaksen på Nordstrand i Oslo

Utdanna tekstforfattar ved Westerdals Oslo ACT

Gift med Martin Jøndahl og har to barn

Har leia Gullruten fleire år på rad, er kronikkskribent i Dagsavisen, andre halvdel av Noregs største podkast, «Tusvik & Tønne», og medeigar og spaltist i magasinet Altså

Humor

mone@dagogtid.no

Lytt til artikkelen:

– Vert dette ein alvorleg prat, eller skal eg smile, spør Sigrid Bonde Tusvik og småler medan kameraet går.

Ho sit på ein kafé på Frogner medan fnokken flyg i takt med trafikken rundt henne. Dette er Sigrid Bonde Tusvik slik ein er van med å sjå henne, med raud leppestift, stort smil og kort, blondt hår.

Om få dagar går første utgåve av magasinet Altså i trykken. Tusvik er medeigar, og ho er spaltist under redaktør Ida Eliassen-Coker. Før dei hadde fylt éi papirside, hadde prosjektet fått 1,8 millionar i folkefinansiering og 3700 tingarar.

– Venleikshysteri og kroppspress får eit ekstremt fokus i dagens magasin for kvinner og ungdom. Det fører til at unge menneske kastar på seg filter etter filter når dei legg ut bilete, og vil ikkje sjå seg sjølv utan. Ein kan retusjere seg sjølv i eitt sveip, seier Tusvik.

Men den første spalta komikaren skal skrive, skal ho skrive om at ho elskar mannen.

– Det gjer eg verkeleg. Eg vil ikkje at kvinner skal ha makta, eg vil ha det likt. Men eg gløymer å seie det høgt, og tenkjer at det er sjølvsagt.

– Men du meiner likevel vi treng feminismen?

– Diverre gjer vi det. Men det er viktig å tulle med det òg: Kvinnekamp skjer av ein eller annan grunn berre om vinteren. Det kan vere difor ein tykkjer feministar er så sure, men så frys vi berre. Det er ikkje ein kjeft som kjempar kvinnekamp i finvêr, seier ho og ler.

Ho siktar til stuntet på slottsplassen tidlegare i år, då KrF gjekk inn i regjeringa. Nyleg har Tusvik òg delteke i Brennpunkt-dokumentaren Kjønnskampen.

– Kva kan ein ikkje tulle med?

– Ein kan ikkje tulle på 17. mai. Då må ein vere konservativ, nett fordi ein bør forstå at det må vere alvor kring demokratiet. Eg plar tulle med min eigen vossabunad, og leike «kva har eg lagt i bringekluten», men ein kan ikkje stille i tøysebunad. Elles tykkjer eg ein kan tulle med alt, til og med voldtekt og pedofili. Men då må vitsane vere gode.

– Tenkjer du nokon gong at du har gått for langt?

– Eg trur eg går for langt heile tida. Som Sarah Silverman seier, må ein skamme seg for det ein sa for ti år sidan, og det skal ein. Grunnideen med standup er at ein skal ha rot i samtida. Det er ein einsleg person som står på ei scene og hiv ut av seg tiradar. Då må ein tore å bomme.

– Kor langt kan ein komikar drage det?

– Du kan drage det langt, men då må du tole kritikken du får, til eit visst punkt. Eg har fått drapstrugslar før, då eg skreiv kronikk om flyktningkrisa og Sylvi Listhaug. Så eg har heilt tydeleg ikkje lært, seier ho og smiler.

«Lettkrenkt ungdom»

Sigrid Bonde Tusvik stikk frivillig hovudet fram, fortel ho. Ho toler det. Men etter å ha forlate humorprisutdelinga i protest då ingen kvinner vann pris, og etter å ha protestert på slottsplassen i raudt kostyme à la draktene i A handmaids tale i vinter, måtte ho ha hjelp av politiet. Ho vart truga på livet igjen. På det hemmelege nummeret hennar tikka det inn ei melding der innsendaren truga med kniv og hagle, og sa at han visste kvar ho budde.

– Du har hatt ein turbulent vinter?

– Eg vil heller seie at Noreg har hatt ein turbulent vinter. Eg føler at eg hadde rett med stuntet vi gjorde på slottsplassen. Når ein ser at abort har vorte forbode i Alabama og abortretten har vorte innskrenka i fleire amerikanske statar og europeiske land, skjønar ein at kampen er viktig. Men ein vert påverka av trugslane. Ein må leige vakthald, og det er økonomisk belastande. Det uroar mange, og det påverkar familien. Det vert stort trykk med ei slik mengd hat. Men politiet er fint, dei tek det seriøst.

– «Tusvik & Tønne» vart òg skulda for ikkje å ha følgt Ver varsam-plakaten i haust, av Erle Marie Strøm i VG.

– Vi har ikkje grunn til å følgje Ver varsam-plakaten. Vi er komikarar, vi tullar med makta og sparkar alle vegar. Det er mykje mas om at komikarar skal snakke og tulle politisk, men harselerer vi med politikk, meiner mange at vi skal slutte med det. Eg skal ta sjølvkritikk, for det er mykje eg kunne late vere å seie, men i kritikken frå Strøm føler eg meg misforstått. «Tusvik & Tønne» handlar ikkje om å følgje Ver varsam-plakaten eller om å mobbe nokon.

– Kva handlar «Tusvik & Tønne» om?

– Å lære unge at dei ikkje treng å følgje straumen. Det skyl ei konservativ bølgje over verda. Særskilt unge er lettkrenkte og føler at dei ikkje kan seie enkelte ting. Oppgåva vår som komikarar er å lære dei at ein kan le av alvorlege ting òg. Det er viktig.

– Kva ansvar har ein for ytringane ein kjem med?

– Eg har eit ansvar. Men ein skal hugse på at ein må laste ned «Tusvik & Tønne» for å høyre på oss. Då ligg litt av ansvaret i at du skal gidde å høyre på oss òg. Men dersom vi berre var grove og krenkjande og ikkje følgde Ver varsam-plakaten, ville vi ikkje vore størst.

«rikaste kommunisten»

Fordi bladet Altså er folkefinansiert, meiner Sigrid Bonde Tusvik at det er eit prosjekt som fort kan falle. Men nett at bladet ikkje har store sponsorar, var ein stor del av grunnen til at ho vart med.

– Det er nok difor Lisa Tønne kallar meg «Noregs rikaste kommunist». Eg tykkjer ein skal rose folk som tør å gønne på med slike prosjekt, seier ho og smiler.

Tusvik voks opp i huset ho no bur i, på Nordstrand i Oslo. Faren er tidlegare sjefredaktør Sverre Tusvik i Samlaget, og mor er rektor og lærebokforfattar Elin Bonde.

– Eg har hatt ein altfor god barndom. Det er ei stor last i livet at eg ikkje kan overføre dette til mine eigne born, seier ho.

Tusvik var med i Suttung-rørsla på Ekeberg, teaterrørsla etter kulturarbeidet til forfattar Ingeborg Refling Hagen.

– Det handla om å setje ordet i sentrum. Vi proklamerte Wergeland og Ibsen for store folkemengder. Eg lærte at det ikkje var så viktig å vere flinkast. Det var viktigare å vise fram kva stykket handla om.

Pressa opp på scena

Då ho tok utdanning på Westerdals, var det komikarane Henrik Thodesen og Jånni Kristiansen som pressa henne opp på scena. Men interessa for å drive med humor starta hjå Geir Mork, tidlegare konsernsjef i Gyldendal.

– Vi var ofte hjå han i juleselskap. Son hans, Magnus, lo så mykje av meg at eg følte at dette var noko eg meistra. Han skal ha mykje av æra for at eg vart komikar.

– Du og Lisa Tønne har tidlegare vorte kalla «fusskjerringer». Er du ei kjeftesmelle?

– Nei, det er eg ikkje samd i. Men det er noko med at eg skal meine noko kvar fjerde veke. Etter humorprisen var eg rasande. Dersom heile humor-Noreg tenkjer at ingen av kvinnene har fortent ein pris i 2018, så er det greitt. Eg hadde truleg for høge tankar om at det er automatikk i å tenkje at kvinner er morosame.

– Kva vil du med livet ditt?

– Overleve, seier ho og ler litt til.

Så tenkjer ho seg om.

– Eg vil ha det gøy. Kvar dag skal vere ein morosam dag. Det får eg godt til.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ikkje ein kjeft som kjempar kvinnekamp i finvêr.

Sigrid Bonde Tusvik,
komikar og skribent

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis