Kuhnaus korkunst

Til Johann Kuhnaus (1660–1722) 300. dødsdag i 2022 skal innspelinga av alle dei kyrkjelege verka hans vera ferdig. Denne komponisten, som var forløparen til J.S. Bach i stillinga som kantor i Thomaskyrkja i Leipzig, var umåteleg produktiv – kjelder frå samtida fortel at han alltid føretrekte å skriva nye verk framfor å framføra verka til komponistkollegaar. Likevel er berre kring 30 kyrkjemusikkverk overleverte, og det er desse vokalensemblet Opella Musica og instrumentalensemblet Camerata Lipsienis under leiing av den orgelspelande dirigenten Grogor Meyer tek føre seg.
Kva er det som gjer Kuhnaus kyrkjemusikkverk spesielle? Dei sju stykka som utgjer volum fire i serien, vitnar om den store stilistiske og formale breidda hans. Han komponerte nemleg i ei tid då den protestantiske kyrkjekantaten var i endring: Medan 1600-talets kyrkjemusikk hadde komplisert fleirstemmigheit og oftast nytta tekstar frå bibelen, byrja ein på 1700-talet å komponera kantatar med resitativ, lyriske ariar og duettar, der tekstane vanlegvis var dikta av samtidige poetar.
Eit døme på den gamle typen kyrkjemusikk er Kuhnaus jordfestingsmotett Gott hat uns nicht gesetzt zum Zorn frå 1707, der den intrikate, femstemmige korsatsen syner den solide kjennskapen hans til 1600-talspolyfonien. Eit døme på den nye 1700-talsstilen høyrer me i det siste verket på plata, Was Gott tut, das ist wohlgetan, ein koralkantate (kantate med tekst frå ein kyrkjesalme) som stilistisk sett minner om J.S. Bachs tidelge produksjon. Eg tenkjer spesielt på den vedunderlege instrumentalinnleiinga, der ein elegant ornamentert obomelodi spelar i duett med solofiolinen. Både her og på resten av plata syner musikarane høgt teknisk nivå både i samspelet og dei små soloprestasjonane – det er tydeleg at dette er repertoar dei to Leipzig-baserte ensembla verkeleg kjenner seg heime i.