Musikk

Krigsklangar

CD

C. Monteverdi, G.M. Trabaci, M. Marazzoli:

Combattimenti!

Le Poème Harmonique; lutt og leiing: Vincent Dumestre. Alpha 2009/2018

Framstillingar av militære slag i musikken var populære på 1600-talet. Eit nøkkelverk innan musikalsk krigsskildring spelte det franske ensemblet Le Poème Harmonique inn i 2009, på ein flott CD som no kjem i billeg andreopplag: Claudio Monteverdis (1567–1643) Combattimento di Tancredi e Clorinda frå 1624, som er ein dramatisk madrigal der handlinga er lagd til Det heilage landet under det fyrste krosstoget kring 1100. Me høyrer hestegalopp (raskt repeterte akkordar), militærtrompetar (signalaktige, brotne treklangar) og sverdfekting (strykarane som plukkar på strengane, såkalla pizzicato), alt framstilt med den effektive less is more-teknikken til operapioneren Monteverdi.

Nyopplaget av CD-en har diverre ikkje med songteksten i omslagsheftet, den som er avgjerande for å skjøna verket. Men du finn han lett på internett.