Musikk
Kongeleg cello
Kvifor er cellostemma så dominerande i Mozarts «prøyssiske kvartettar»?

«Medan vanlege kongedømme var statar med ein hær, var Preussen ein hær med ein stat», hevdar den australske historikaren Christopher Clark i Iron Kingdom – standarverket om Preussens historie. Etter at kurfyrst Fredrik av Brandenburg lét seg krona til konge av Preussen i 1701, avanserte kongeriket på grunn av effektiv statsstyring raskt frå å vera ein veik landbruksstat til å bli ei mektig og frykta militærmakt som skipla maktbalansen i Europa.
Særleg Austerrike fekk svi under naboen i nord: Alt i sitt første regjeringsår gjekk kong Fredrik II «den store», som kom til makta i 1740, til åtak på det habsburgske Schlesien – det historiske landskapet som svarar til sørvestlege Polen i dag. På kvar si side stod dei to tyske monarkia også i sjuårskrigen (1756–1763), konflikten den tyske historikaren Marian Füssel kallar «1700-talets verdskrig», for krigen mellom England og Frankrike blei òg utkjempa i India og Amerika, og enda med at franskmennene tapte brorparten av koloniane sine.
Mozart i Berlin
Det undrar difor ikkje at austerrikarane utvikla antipatiar mot prøyssarane, ein motvilje som framleis ulmar, om enn med ein spøkande undertone. Austerrikarane kallar gjerne tyskarane generelt (med unntak av bayerane) «prøyssarar», og dei slår vitsar om dei på same måten som me vitsar om svenskar. Likevel skreiv både Haydn og Mozart strykekvartettar som har fått tilnamnet «dei prøyssiske».
Det er Mozarts tre siste verk innan sjangeren – Dei prøyssiske strykekvartettane nr. 21, 22 og 23 (1789/1790) – Engegårdkvartetten med primarius Arvid Engegård her kjem med ei elegant innspeling av. Mozart komponerte verka etter ei reise til Berlin i 1789, der han møtte prøyssarkongen Fredrik II «den stores» etterfølgjar: den fromme protestanten, ihuga skjørtejegeren og lidenskaplege cellisten kong Fredrik Vilhelm II, kjend mellom anna som byggherren til Brandenburger Tor.
Dominerande bass
Hovudkjennemerket til Mozarts «prøyssiske kvartettar» lèt seg føra attende til den cellospelande oppdragsgjevaren Fredrik Vilhelm II. For i motsetnad til strykekvartettar elles, der alle fire instrumenta på «demokratisk» vis skal delta på like fot, lét Mozart celloen her breia seg uvanleg mykje. Den førande melodiske rolla til celloen merkar me til dømes i 4. satsen (ein rondo i allegretto) i fyrste kvartetten, der refrenget tek utgangspunkt i melodisk materiale frå hovudtemaet i opningssatsen. Dette kjenslesterke, lengtande temaet spelar Engegårdkvartettens cellist Jan Clemens Carlsen med perfekt intonasjon og songleg frasering.