Virus og ytringsfridom

YUZHOU: Som eit resultat av at legen Li Wenliang døydde, kjem eit unikt krav om meir ytringsfridom i Kina.

Den avdøde legen blei raskt eit subjekt for kunst. Her er han avbilda med ein tekst om protest mot både system og virus.
Den avdøde legen blei raskt eit subjekt for kunst. Her er han avbilda med ein tekst om protest mot både system og virus.
Publisert

No når særs mange kinesarar sit sperra inne i store byar med karantenesoner, utrykkjer millionar av dei sorg etter at legen Li Wenliang, som i desember fekk munnkorg av styresmaktene etter å ha varsla om koronaviruset, sjølv døydde av viruset sist veke.

Virusfast

Frå eit lite og dårleg isolert hus der eg sit virusfast i utkanten av Yuzhou i Henan, fekk eg like etter at det var kjent at legen var død, melding frå ein studiekamerat om dei mange innlegga på sosiale medium.

Overraska les eg mange av innlegga, som kvart sekund aukar i mengde. Blant innlegget som blir mest delt, finn eg ein snutt frå filmen Les Miserables. Til filmsnutten lyd songen «Can You Hear the People Sing». Klippet blir til og med delt av den offisielle kontoen til det statskontrollerte medieselskapet Global Times, til teksten: «Lytt til denne songen på morgonkvisten, for å starta ein ny dag!» Global Times fjernar derimot delinga nokre minutt etter. Etter tre timar har emneknaggar knytte til legens død trekt til seg 1,5 milliardar besøk.

Samtaleemnet «Gi meg ytringsfridom» fører også til stor aktivitet i ei stund, før heile samtaleemnet blir sensurert. Også den Beijing-baserte finanspublikasjonen Caixin tek del i aktiviteten, og publiserer eit bilete av den avdøde og eit sitat frå det siste han publiserte på nettet før han døydde: «Eit sunt samfunn burde ikkje berre ha éi røyst.» Tapet av legen, som no blir kalla ein nasjonalhelt, blir i løpet av fredagsnatta for ei veke sidan vendt om til sinne mot styresmaktene.

Protest og sensur

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement