JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

7523
20240419
7523
20240419

Kommentar

eva@dagogtid.no

«Ny og målretta politikk, med gode og kraftfulle tiltak», kalla klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) det då han nyleg la fram stortingsmeldinga om korleis regjeringa skal betre tilstanden til villrein i Noreg.

På førehand har prosjektgrupper leidde av statsforvaltarane føreslege tiltak som å stoppe hytteutbygging inntil villreinområde, stengje turisthytter, leggje om turløyper, etablere tunnelar over både europaveg 134, europaveg 6 og riksveg 7, innføre ferdselsrestriksjonar og ferdselsforbod, utvide nasjonalparkar, etablere jaktfredingssoner og forby både mineralleiting og utbygging av sol- og vindkraft i villreinområde. Miljødirektoratet konkluderte slik i si tilråding: Å betre forholda for villrein krev kraftfulle tiltak som kan vere både inngripande og kostbare.

Men i meldinga «Ein forbetra tilstand for villrein» er det lite som peikar mot klare endringar. Faktisk så lite at fleire er misnøgde. Naturvernforbundet kallar meldinga veik og uforpliktande, Norges Jeger- og Fiskerforbund ser ikkje samanhengen mellom røyndomsskildringa og tiltaka til regjeringa, og Den norske Turistforening etterlyser meir forpliktande tiltak når det gjeld hyttebygging, energianlegg og anna utbygging i område med villrein.

Det er lett å skjøne innvendingane.

Stoppar ingenting

Regjeringa går ikkje inn for å stoppe eller forby noko.

I staden for å seie nei til ny hytteutbygging i villreinområde vil ho «oppfordre kommunane» til å revurdere ikkje-realiserte hytteområde når arealplanar skal reviderast. Det er ikkje berre å vende ryggen til lågthengande frukt, det er å opne for at situasjonen kan gå frå vondt til verre. I dag er det nær 20.000 hytter i villreinens leveområde, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå, og i gjeldande kommuneplanar er det sett av nesten 110 kvadratkilometer meir av villreinområda til hytter som enno ikkje er bygde ut, ifølgje Norsk institutt for naturforsking.

Klima- og miljøministeren har òg sagt at det skal mykje til før regjeringa går inn for å leggje ned turisthytter.

Når det gjeld ferdsel i villreinområda generelt, vil regjeringa «oppfordre fylkeskommunar og kommunar til å leggje til rette for berekraftig besøksforvaltning», «styrke arbeidet med å kanalisere ferdselen» og «greie ut forslag til nye verkemiddel [...] for å kunne innføre [...] ferdselsrestriksjonar ved behov». Men det vert òg poengtert at ho vil bruke «minst mogleg inngripande verkemiddel for å kanalisere ferdselen».

Tunnelløysingar skal greiast ut når nye vegar vert planlagde, men kostnader og forventa nytte for villreinen og samfunnet skal avvegast «på vanleg måte». Kva det betyr, får vi hint om ein annan stad i meldinga, der det står at «[u]t frå det forventa investeringsnivået for riksvegar er det i dag lite rom for å leggje hovudvegar i tunnel for å forbetre leveforholda for villreinen».

«Regjeringa går ikkje inn for å stoppe eller forby noko.»

Friviljug forbod

Regjeringa går heller ikkje inn for å utvide nasjonalparkar, berre å «vurdere utviding» og einast «der det er lokalt ønskje og aksept» – noko som truleg tømmer tiltaket for innhald frå start. Jaktfredingssoner vert også friviljug: Det vil regjeringa «oppmode grunneigarar og rettshavarar til å bruke [...] når det kan vere fordelaktig for villreinen».

Når det gjeld nye energiproduksjonsanlegg, vil regjeringa eksplisitt halde på dagens reglar, som ho meiner inneber «ein restriktiv praksis med å gi konsesjon [...] i villreinområde [...], med mindre anlegget er viktig for andre vesentlege samfunnsomsyn, slik som forsyningssikkerheita og kraftbalansen».

Og mineralleiting og -utvinning skal det òg framleis vere ope for i villreinområda, så lenge det vert teke nødvendige omsyn til dyra og nye driftskonsesjonar er «så arealeffektive og skånsame som mogleg».

Desse tiltaka seier så lite at det er vanskeleg å skjøne om regjeringa i det heile teke vil nokon veg.

76 år til god kvalitet

Det som derimot er konkret i meldinga, er fristen regjeringa har sett for å betre forholda for villreinen. Her er det likevel eit godt stykke frå Miljødirektoratets oppfatning om at «[d]et haster med tiltak som bedrer situasjonen for villreinen», og til målet regjeringa set om å stoppe den negative utviklinga i villreinområda innan 2030, og oppnå minimum middels kvalitet innan 2050 og god kvalitet for størsteparten av områda innan 2100.

Han får trøyste seg med det, villreinen på Hardangervidda, som lever med arealutnytting av dårleg kvalitet, har fått flokken redusert som følgje av den smittsame og alvorlege skrantesjuka og no omgjev seg med få bukkar jamført med talet simler, og kalvar som er mindre enn dei burde vere: Dei eventuelle etterkomarane hans om tre til fire generasjonar eller meir kan vente seg ting på stell.

Om 76 år, altså.

Halvparten dårleg

Situasjonsskildringa som ligg til grunn i meldinga, tilseier på si side at det trengst både snarleg og effektfull handling.

Villreinbestanden i Noreg, i dag på rundt 25.000 dyr vinterstid, fordeler seg på 24 område. Etter den såkalla kvalitetsnorma for villrein, som tek utgangspunkt i bestandsforhold, lavbeite, leveområde og menneskeleg påverknad, har 12 av områda no dårleg kvalitet, og 11 har middels kvalitet. I 2021 vart villreinen òg klassifisert som nær trua på den norske raudlista, etter reduksjon i talet villrein som følgje av skrantesjuke.

Dei 24 villreinområda klassifiserte etter kvalitetsnorma for villrein.

Kjelde: NINA Rapport 2327 i Meld. St. 18 (2023-2024)

Kvifor utviklinga i villreinområda har gått i feil retning over tid, er meldinga òg utvitydig om: Det er særleg utbygging av vasskraftanlegg, veg og jernbane, fritidsbustader, reiselivsanlegg og annan infrastruktur som har avgrensa leveområda til villreinen og auka ferdselen i villreinområda.

Regjeringa poengterer òg at ingen av tiltaka som tidlegare er sette i verk for å ta vare på villreinen, har bidrege til å snu den negative utviklinga. Underforstått: Det trengst sterkare lut.

«Spesielt viktig»

Kvifor det er viktig å gjere noko, har regjeringa òg brukt plass på å forklare. Villreinen har vore i Noreg i nær 10.000 år og var viktig for dei fyrste menneska som busette seg her. At han er ein nøkkelart – eller «spesielt viktig for økosystemet som han lever i» – og ein art Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på, vert òg understreka.

Regjeringa har endåtil sett grunn til å inkludere eit eige kapittel om villreinens historie i Europa frå førre istid og til i dag, skrive av eksterne akademikarar. Kapittelet bryt med resten av meldinga i både sjanger, målform og innhald, men vert introdusert slik av regjeringa: «Det å ha kjennskap til denne historia er viktig for å forstå kvifor villreinen har ein unik posisjon i dyrelivet i Europa, og kvifor Noreg strekkjer seg ekstra langt for å ta vare på denne arten.»

Kor langt Noreg skal strekkje seg, får vi derimot ikkje vite. I alle fall ikkje i stortingsmeldinga.

Runde på runde

Framover skal det vedtakast lokale tiltaksplanar for dei ulike villreinområda, ut frå føringane i meldinga. Det er desse planane statsforvaltarane og Miljødirektoratet alt har kome med forslag til.

At regjeringa i stortingsmeldinga – som skal gje overordna signal og føringar for alle villreinområda – ikkje har låst seg til alle forboda og innskrenkingane desse instansane har føreslege, er sjølvsagt både forståeleg og naturleg.

Men slik tiltaka i meldinga er formulerte no, har regjeringa samstundes gjeve spelerom til å ende med både lite og ingenting.

Eva Aalberg Undheim er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis