Vi kan ikkje byggje altfor tett lenger

Koronasmitten er størst i bysentrum, viser forsking. Den nye røyndomen fører til at vi må omvurdere byggjepolitikken vår.

Badeplassen på Sørenga var overfylt i sumar. Folk fór dit trass fare for koronasmitte.
Badeplassen på Sørenga var overfylt i sumar. Folk fór dit trass fare for koronasmitte.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Fortetting er idealet i dag i norsk byggjepolitikk. Ifylgje Nasjonal transportplan 2018–2029 kan utvikling av såkalla trafikknutepunkt medverke «til bedre folkehelse, og til en forbedring av våre fysiske omgivelser».

Denne tettleiken skal sjølvsagt føre til fleire fotgjengarar og syklistar og auka kollektivtransport. Men det siste året har vist at tettleik nettopp ikkje fremjar folkehelsa, for det er i folketette byar koronaviruset har spreidd seg mest.

For hundre år sidan var det diskusjonar om folkehelsa og epidemiar som gjorde at politikarar og fagfolk la om heile byggjepolitikken. Dei folketette industribyane med små rom og smale gatelaup avla smitte og sjukdom. Må vi i dag gjera same heilomvendinga?

By og smitte

Det er ikkje til å koma bort ifrå at det er ein samanheng mellom koronasmitte og bytettleik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement