Vanskeleg å vera lek mellom lærde

Rekviem for folkets røyst i lagretten ­– med tidslinje frå kampen mot embetsmannsstaten.

Eirik Jensen uttalte seg til pressa etter at fagdommarane i Borgarting lagmannsrett hadde sett juryavgjerda til side.
Eirik Jensen uttalte seg til pressa etter at fagdommarane i Borgarting lagmannsrett hadde sett juryavgjerda til side.
Publisert

Eirik Jensen ser lun og godsleg ut, tykkjer Vertinna, men han verkar også lur og utkropen. Etter det ho forstår, har han som politimann drive sitt eige spel med røvarar, gjengar og kjeltringar. Han har leika med dei, blitt venner med dei og hjelpt nokre av dei på rett veg. Til gjengjeld har dei tysta til han på andre kjeltringar som har hamna bak lås og slå.

Mykje av dette verkar lurvete, men å manøvrera i grenselandet mellom purkar og skurkar for å få noko til, er ikkje kriminelt, så Vertinna vil ikkje fella nokon dom. Ho er glad for at ho ikkje har vore i jurymedlemmene sine skor og hettegenserar når dei har prøvd å vera rettvise og salomoniske.

Men det Vertinna er forbanna sikker på, er at når vanlege og samvitsfulle kvinner og menn har brukt veker og månader på å følgja saka og endeleg kome fram til det dei, på ære og samvit og etter beste skjønn, meiner er rett når dei har late tvilen koma tiltalte til gode, då er det heilt feil at dei skal overprøvast av overlegne juristar. Slike kan ha mykje vit, men det er ikkje alltid så godt.

Byråsjefen, derimot, er glad for at det blir slutt på denne fordervelege juryordninga der lekfolk i lagretten skal avgjera skuldspørsmålet. Det kunne vera på sin plass i si tid då den ålmenne rettskjensla mistrudde juristar og dommarar frå overklassen, og folkefleirtalet stod mot embetsmannsstaten og kravde røysterett, sokneråd, parlamentarisme, sjølvstende og jury.

Nå er dei tidene forbi. Folkefleirtalet har makta og lagar lovane gjennom valde representantar, dommarane er politisk lojale og den juridiske eliten er fri og fordomslaus. Dei profesjonelle er saklege og veit utvilsamt betre enn uforstandige amatørar.

Byråsjefen drar ein parallell til dei som har streva med å skaffa seg sakskunnskap og vigd sine liv til Forvaltninga. Det er eit nederlag for fornufta dersom dei kunnskapsbaserte og paragrafsikre vurderingane deira skal overprøvast av folk flest – det er ille nok at uvitande politikarar har rett til å gjera det. Dersom alle skjønn skal vera like gode, er det undergravande for rasjonaliteten og tilliten i den norske modellen. Kunnskap skal styra rike og land, meiner Byråsjefen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement