Uventa snøbyger i mars

Det einaste sikre ved amerikanske nominasjonsval er at overraskingane kan koma veltande som norske snøskurer i mars. Slik gjekk det denne supertysdagen, og enno har vi åtte månader att til sjølve presidentvalet.

Tidlegare presidentkandidat for demokratane Pete Buttigieg støttar presidentkandidat Joe Biden vidare i valkampen.
Tidlegare presidentkandidat for demokratane Pete Buttigieg støttar presidentkandidat Joe Biden vidare i valkampen.
Publisert

Onsdag morgon stod Joe Biden, som så langt hadde gjort lite for å oppmuntra andre enn dei kjepphøge republikanske motstandarane sine, brått som vinnar i ti av 14 delstatar. Tre av dei argaste konkurrentane hans i det demokratiske partiet hadde pakka saman og sagt seg samde i synet på den tidlegare visepresidenten: Vi hjelper han som har dei største sjansane til å få Donald Trump ut av Det kvite huset.

Framleis må han slå Bernard Sanders, ein senator som ikkje er redd for å kalla seg sosialist, i kampen om nominasjonen. Men oppteljinga natt til onsdag gav Sanders rett på eitt viktig punkt: «Det er ikkje råd å kjøpa det amerikanske presidentembetet.»

Pengar i valkassa

Den førre republikanaren Michael Bloomberg har til no sett over styr meir enn ein halv milliard norske kroner på den freistnaden. Det er ikkje synd på han; han har råd til slikt. For dei pengane fekk han fleirtal i amerikansk Samoa, som ikkje eingong er ein delstat. Men han sette ny amerikansk rekord: Han hadde sikra seg 44 utsendingar til nominasjonslandsmøtet og betalt 11 millionar dollar per snute.

Alt det som mangemilliardæren frå New York enno har att i valkassa si, går no til Jo Biden. Etter ein blass, gnistfri og fomlande valkamp var han så blakk at både tilhengjarar og motstandarar vende tommelen ned berre av den grunnen. Pipa hadde fått ein annan låt berre nokre timar seinare. Det er ein del av mekanikken i USA at det da kjem fart i pengestraumen òg.

Bibeltekstar kan berre med varsemd brukast i amerikansk politikk, men hos oss ville den snuoperasjonen som Joe Biden diska opp med denne veka, ha vorte samanlikna med det som hende med Lasarus da han reiste seg att. Til no har amerikanske kommentatorar ikkje våga seg lenger enn til ei spak samanlikning med Bill Clinton – ikkje ein overtydande bibelsk figur, kanskje – i 1992: Guten som kom tilbake, The come-back kid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement