Ulike måtar å sjå det sceniske på
Det store spelet om brannane ved Waras hus enda i ei absurd og tragisk skillingsvise.
«WAYS OF SEEING»: Sara (Hanan), tidlegare høgsterettsdomar Ketil Lund og eit skrømt på veg gjennom «maktens rotsystemer».
Foto: Leif Gabrielsen/Black Box
Mange meiner mykje om Ways of Seeing og alt teaterframsyninga har ført med seg, men berre nokre få hundre har sett stykket. Mellom dei er ikkje statsadvokaturet og politiet som i månadsvis og ved eit såkalla arbeidsuhell tok anmeldelsen frå sambuaren til justisministeren som dokumentarisk faktum.
Laila Anita Bertheussen og konspiratoriske meiningsfellar på repeat og resett gjorde framsteg med å skaffa seg tolkingsmonopol. Alt hamna i ei svart boks med overvaking, humane rettar, invadering, privatlivets fred, Entartete Kunst, terrorfare og trugsmål mot politikarar, demokratiet, bilar, liv og helse. «Konspirasjonsteorier de hevder er kunst», sa Wara. Den forteljinga flytta statsminister Erna Solberg inn i og iscenesette sin moralske konkurs, men ho sa det ikkje akkurat på den måten.
SPALTISTEN er ein av dei få som har sett stykket – på Black Box ein regnvåt kveld i slutten av november, saman med Byråsjefen. Han var ikkje der fordi han liker fritt gruppeteater off-National og off-Det Norske, men fordi han ville sjå korleis leiaren av Lund-kommisjonen og pensjonert dommar i Høgsterett, Ketil Lund, rigga i rolla som Ketil Lund.
Han blei ikkje skuffa. Den radikale og eplekjekke rampeguten briljerte som laid-back jurist og perfid polemikar. Han dukka først opp på scena då han som tilfeldig turgåar i den rette åsen støytte på to unge kvinner som låg i løynd og filma ein villa bak ein hekk som hadde vakse seg kjempehøg – Lund hadde hatt barndomsvenner der, men han kjende ikkje pengemannen som hadde flytta inn og snudd om på alt. Så drog han historia om at Kåre Willoch aldri likte Lund-kommisjonen, og at det kunne koma av at unge Ketil og tenniskameratane hans ein gong blei tatt på fersken då dei var på epleslang i Willochs hage.
KETIL LUND i rolla som Ketil Lund glei raskt over i rolla som juridisk garantist for at kvinnene ikkje gjorde noko kriminelt når dei filma fasadane til finansfolk med spett i ryggen, Nato-sjef Jens Stoltenberg, antiislamske høgrepublisistar og framstegspolitikarar. På scena var dei flimrande og personlause opptaka bakteppe for deklamatoriske tekstar om overvaking, rasisme, Algerie og Le Pen, pluss hyllingstale til det frie, likestilte og demokratiske Rojava i Kurdistan. Innimellom spaserte Ketil Lund nonsjalant rundt og framførte kritikk av regjeringas planar om utvida dataovervaking av norske borgarar – seinare trykt i utdrag som kronikk i Klassekampen. I programheftet blei dette framstilt som «ei reise i maktens rotsystemer».
Byråsjefen tykte det var ei uferdig og rotete vandring i upålitelege gråsoner mellom det legale og det legitime, det passande og det upassande. Han følte ubehag ved snokinga i buskane, sjølv om han forstod at det var fiksjon; at skodespelaraktivistane faktisk ikkje hadde kringsett og spionert på folka i husa i dagevis, men berre gjort kornete opptak til bruk som kulissar på scena. Byråsjefen meiner likevel at ytringsfridomens grenser bør gå minst fire meter utanfor hagegjerdet. Derfor liker han heller ikkje at statlege tryggingsmakter vil samla inn og sikkert dela datatrafikken vår med samarbeidande tenester i Trumpland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.