Ukraina – bonden i sjakkspelet
Den russiske retorikken overfor Ukraina er aggressiv. Samstundes er det høgst uklart kva Kreml ynskjer med å trappa opp konflikten med nabolandet.
Dmitrij Kozak kom for nokre dagar sidan med ein del utsegner: «Eg stør den vurderinga som også blir gjord i Ukraina, at om kamphandlingane tek til, vil det innebere byrjinga på slutten for Ukraina. Det vil vera ein sjølvpåført skade; ikkje eit skot i leggen, men i andletet», slo han fast. Alt etter korleis den pågåande konflikten utviklar seg, vil Moskva sjå det som naudsynt å «forsvara russiske borgarar i Aust-Ukraina», la han til.
Kozak er ikkje nokon kven som helst. Han har fylgt Vladimir Putin som ein skugge gjennom karrieren. For tida er han visestabssjef i Kreml. Når han seier noko, er det for at verda skal lytta til det.
Styrkeoppbygging
I dagane etter at visestabssjef Kozak kom med utsegnene sine, var vestleg etterretning oppteken med å halda auge med den russiske styrkeoppbygginga langs grensa til Ukraina. Skal ein tru det dei melder, har Kreml sendt store styrkar dit. Mellom anna er dei russiske avdelingane forsterka med eit ukjent tal iskanderrakettar. Dette er eit moderne, sofistikert missil med ei rekkjevidd på over 50 mil. Raketten er mobil, kan utstyrast både med kjernefysiske og med konvensjonelle ladningar og er veleigna til å slå ut militære kommandopostar. Med andre ord eit våpen frå helvete.
Så, for tre dagar sidan, kom forsvarsminister Sergej Sjojgu på banen. Slik han blei gjeven att i Moskva-avisa Nezavisimaja Gazeta, sa han at «Russland kjem med mottiltak for å svara på trugande militær aktivitet frå Nato og USA nær Russlands grenser».
Sabelrasling
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.