JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Tyskland blir hardare i kanten

Etter valet sist helg vil tyskarane bli skarpare mot Kina og Russland. Men landet vil halda fram som ein militær ministat.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Plakatane kan ryddast bort. Sosialdemokraten Olaf Scholz vert truleg den neste tyske kanslaren. Han har dei siste tre og eit halvt åra vore tysk finansminister. Om det er noko tyske veljarar er allergiske mot, er det økonomisk ustabilitet og  ansvarsløyse.

Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters / NTB

5483
20211001
5483
20211001

Angela Merkel har vore kanslar i Tyskland i heile 16 år. Det er to år lenger enn Konrad Adenauer, mannen som skapte den moderne tyske staten. Dei to hadde den same grunnleggjande haldninga til brå endringar, uttrykt gjennom slagordet Keine Experimente. Slik klarte dei å halda seg ved makta i så lang tid.

No er Merkel-epoken slutt. I skrivande stund veit ingen heilt sikkert kva som kjem etter. Det kan bli ein såkalla trafikklyskoalisjon av det raude SPD, Dei grøne og så dei gule fridemokratane i FDP. Det kan òg bli ein koalisjon med dei to sistnemnde partia med unionspartia CDU/CSU i førarsetet.

Men at unionspartia held fram i regjering, er lite truleg: CDU/CSU leid ved valet sist sundag det mest svidande nederlaget i partihistoria. Partiet fekk berre 24 prosent av røystene og gjekk attende med 9 prosentpoeng. Så seint som i 2013 fekk partiet 41 prosent.

CDU/CSU, det tradisjonelle kanslarpartiet i Tyskland, vil nok dei nærmaste åra ha nok med å slikka såra sine.

Garantist

Difor blir ganske sikkert sosialdemokraten Olaf Scholz den neste tyske kanslaren. Han har dei siste tre og eit halvt åra vore tysk finansminister. Om det er noko tyske veljarar er allergiske mot, er det økonomisk ustabilitet og ansvarsløyse.

Som forbundskanslar vil Scholz, som den moderate sosialdemokraten han er, vera sjølve garantisten mot brå endringar i den økonomiske politikken, heilt i ånda til Konrad Adenauer og Angela Merkel. Difor vil han halda fram med den tradisjonelle tyske lina i EU: Berlin vil leggja ned veto mot dei mest høgtflygande ideane til Frankrikes president Emmanuel Macron om å gjera EU om til ein stadig tettare finansunion. Slik tyskarane ser det, går desse planane ut på å gje fattige medlemsland tilgang til den tyske pengebingen. Det er heilt uaktuell politikk.

Der det likevel kan koma endringar i den tyske utanrikspolitikken, er i tilhøvet til Kina og Russland. Til liks med alle tyske politikarar forstod Merkel at den tyske velstanden er basert på eksport. Difor satsa ho mykje på å byggja gode kontaktar til leiinga både i Moskva og i Beijing. Per i dag kjem til dømes innpå 40 prosent av inntektene til dei største tyske bilkonserna frå Kina. Wandel durch Handel – endring gjennom handel – var trylleformelen til Merkel. Ved å handla med Kina og med Russland skulle ein knyta desse to landa til den vestlege verda og til vestlege verdiar.

Verdibasert

Dette var god latin i dei fleste vestlege regjeringskontora for så seint som fem–seks år sidan. Etter det har mykje vatn runne i havet, og i dag er det få som trur at Kina og Russland blir meir liberale land berre Vesten handlar meir med dei. Likevel heldt Merkel fast på den trua – i alle fall offisielt. Lenge etter at USA peikte ut Kina som ein strategisk konkurrent og mogleg framtidig fiende, la den tyske regjeringa vekt på å byggja ut kontaktane med Beijing.

No tek, så langt det er mogleg å sjå, anten det liberale FDP eller Dei grøne over utanrikspolitikken, ettersom det alltid er juniorpartnaren i ei tysk regjering som styrer det departementet. Båe desse to partia ynskjer ein meir verdibasert utanrikspolitikk. Kanslarkandidaten til Dei grøne, Annalena Baerbock, sa før valet til avisa Die Welt at den låge profilen som Tyskland til no har hatt i utanrikspolitikken, har tent dei autoritære regima i Moskva og Beijing. Paradoksalt nok kan det sjå ut til at ein utanriksminister frå Dei grøne vil leia Tyskland inn på ein meir pro-amerikansk kurs enn det dei to store partia SPD og CDU/CSU har stått for dei siste åra.

Om det er mogleg å halda på ei slik kursendring når Volkswagen og Mercedes blir kasta ut av den kinesiske marknaden, står igjen å sjå. Dei tyske industrigigantane kan trøysta seg med at dei amerikanske kollegaene deira er i same båt. Den dagen det verkeleg bryt ut ein økonomisk krig mellom Kina og Vesten – ikkje berre små slåstkampar som til no – vil dei økonomiske fylgjene bli ofselege for alle partar.

Makt

Ein meir verdibasert utanrikspolitikk, slik Dei grøne og også FDP vil ha, kjem òg til å ha innverknad på haldninga til den nye gassleidningen frå Russland, den såkalla North Stream II. Både sosialdemokratar og kristelegdemokratar er for å ta leidningen i bruk. Dei grøne, derimot, legg vekt på at alle EU-landa fyrst må bli lytta til. I nabolanda er entusiasmen mildt sagt liten. Dei grøne vil difor truleg falla ned på at leidningen ikkje blir teken i bruk, noko som vil forsura tilhøvet til Russland monaleg.

På det aller viktigaste punktet, det som gjeld den rolla Tyskland skal spela i Europa og i verda, ser likevel alle desse partia ut til å vera einige: Tyskland skal utøva politisk og økonomisk makt, men ikkje skaffa seg meir militær makt. Noka opprusting av Tyskland slik at dei militære musklane står i høve til dei økonomiske, kjem ikkje på tale, av årsaker me alle kjenner til.

Difor kjem tyske politikarar, etter det ein må tru, til å stå langt nede på gjestelista i Det kvite huset i Washington. Som den nylege ubåtavtalen mellom USA, Storbritannia og Australia har synt, er amerikanarane i full gang med å byggja militære alliansar retta mot Kina. Det vil gå lang tid før tyskarane melder seg på her.

Halvor Tjønn

Halvor Tjønn er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tyskland skal utøva politisk og økonomisk makt, men ikkje skaffa seg meir militær makt.

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis