Tilbakegangen kjem til å fortsetta
DNA var ein koalisjon av styringselite, kulturradikalisme og arbeidsfolk i bygd og by.
Arbeidarpartiet har som alltid landsmøte i den store salen i Folkets hus, som i pakt med tidsånda er døypt om til Oslo kongressenter. Her held partileiar Jonas Gahr Støre landsmøtetale i 2017.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Lat oss føresetta at Arbeidarpartiet ved valet til hausten får 20 prosent av røystene, Senterpartiet 15, og SV og Raudt 15 til saman. Det er eit fullt mogleg scenario.
Lokalval er noko anna enn riksval, og to år kan vera lang tid i våre dagars omskiftelege politiske landskap, men ingen kan nekta for at kommune- og fylkestingsvalet er generalprøve og løypemelding for neste stortingsval. Om Arbeidarpartiet skulle gjera sitt dårlegaste val på 100 år, er det mindre sannsynleg at det blir Støre-lojal «samling i bånn» enn at alle ulmande brannar i den visnande roseleiren blussar opp.
DET ER LENGE sidan Jens Arup Seip brukte merkelappen «ørnen mellom partiene» på Arbeidarpartiet. Det var i eittpartistatens epoke i tiåra etter krigen, men fleirtalsørna blei skadeskoten alt i 1961, og fram til 2001 manøvrerte statsministrane Gerhardsen, Bratteli, Nordli, Brundtland, Jagland og Stoltenberg i mindretal og måtte bauta seg fram med vekslande støtte frå høgre, sentrum og venstre. Det tok 44 år før Arbeidarpartiet gav opp draumen om at alt skulle bli normalt att, slik at dei kunne styra landet aleine.
Med Jonas Gahr Støre ved si høgre hand danna Jens Stoltenberg ei privatiseringsregjering i 2000. Han kom til makta då Arbeidarpartiet og Høgre gjekk saman og kasta Bondeviks sentrumsgjering som ikkje ville bygga sterkt forureinande gasskraftverk. Arbeidarpartiet tapte så det susa i Stortingsvalet året etter. Det skar seg i valkampen då reklamemannen Ketil Try laga det kryptiske slagordet «Hvis velferd er viktigst». Framstegspartiet gjorde det til låtteløye då dei svara med banner med teksten: «Velferd er viktigst».
JENS STOLTENBERGS raudgrøne fleirtalsregjering (2005–2013) var ein ny røyndom for Arbeidarpartiet, men det var aldri tvil om at dei var den leiande krafta. I åra etter har partiet streva med å finna fotfeste og fylla merkelappen «sosialdemokrati» med innhald som ikkje er politisk sameige. Andre har tatt patent på misnøye med den blå regjeringa. Til og med 36,9 er blitt ein stadig fjernare og utopisk draum.
Dei Arbeidarpartiet meiner seg å vera til for, kjenner seg ikkje att i partiet og identifiserer seg ikkje lenger med det. Dei finn ikkje «den indre Thorbjørn Berntsen», som Helga Pedersen har etterlyst i klassekampen. Kjerneveljarane i grunnfjellet er demobiliserte, sit på gjerdet eller har klatra over til andre parti som er meir høgrøysta og tydelege. I stordomstida var Arbeidarpartiet ein koalisjon av styringselite, kulturradikalisme og arbeidsfolk i bygd og by. Koalisjonen har gått i oppløysing i eit samfunn med store nærings- og demografiske endringar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.