Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Svensk synd i skiftande tilstandar

Ja, vi elsker Sverige, som det faller ned. Storebror er ikkje lenger det korrekte føredømet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Grensevakt 1905. Infanterist i prøveuniform med Nagant revolver i taske og tre kvinner.

Foto: Forsvarets museer

5320
20190607
5320
20190607

hompland@online.no

Lytt til artikkelen:

I dag markerer fedrelandet unionsoppløysinga i 1905. I går hadde broderfolket «svenska flaggans dag» som i 1982 blei nasjonaldag då dei samla saman nokre historiske hendingar på denne datoen – til dømes at Gustav Vasa blei valt til svensk konge då Kalmarunionen braut saman i 1523. Men offisiell høgtidsdag og fridag blei ikkje dagen før i 2005.

Det hender vertinna har svenske gjester. Det kan ho styra seg for, for dei er knipne og storforlangande. Men ho innrømmer at hotella i distriktet ikkje hadde klart seg utan dyktig og arbeidsvillig svensk ungdom.

Likevel har ho eit agg til svenskar. Ho reknar 7. juni som like viktig som 17. mai og 8. mai. Det kjem truleg av at bestefar hennar, som var aktiv i det frivillige skyttarvesenet, fora henne med dramatiske forteljingar om då han låg grensevakt bak sandsekkar ved Ørje forsommaren 1905. Ein av medsoldatane skreiv i spent frykt: «I morgen den dag har vi svenskene her.» Og dette hadde den krigarske Bjørnstjerne Bjørnson dikta på brystnorsk: «Har du hørt, hvad Svensken siger, unge norske mann? Har du seet, hvad som stiger, op om Kjølens rand?»

Byråsjefen trur det kunne ha blitt ein god union, men når det utvikla seg slik det gjorde, var det best at det gjekk som det gjekk.

Kortversjonen er at Karl Johan etter 1814 ville styrka kongemakta i personalunionen og smelta landa saman i «amalgamasjon». Dette blei slått tilbake av Stortinget, og Noreg fekk stort sett styra seg sjølv. Mellomrikslova sikra ein felles marknad for varer og folk – til beste for begge land. 1850-talet er kalla «unionens lykkelige år».

Så mobiliserte nasjonale og demokratiske krefter mot embetsmakt, svenskekonge og vetorett. Etter at parlamentarismen sigra i 1884, køyrde Venstre endå hardare på partisamlande saker som reint flagg, eige konsulatvesen og sjølvstende. Storsvensken hissa seg opp, og krigen var nær. Sverige gjekk i proteksjonistisk lei og sa opp mellomrikslova, men titusentals svenske snikkarar, steinhoggarar og rallarar var med og bygde Noreg fram mot den nye arbeidsdagen.

I åra før 1905 rusta Noreg kraftig opp, medan diplomatiet arbeidde i det stille mot «lydrikeparagrafane» og for å unngå krig. Ein sentral figur var Sigurd Ibsen, son av Ibsen og svigerson av Bjørnson, norsk statsråd i Stockholm og de facto utanriksminister.

Våren 1905 blei den forsiktige Høgre-statsministeren Francis Hagerup feia til side av Christian Michelsen, som skipa ei samlingsregjering med eitt mål: å få ein slutt på unionen, slik at dei borgarlege kreftene kunne samla seg mot sosial­radikalarar og sosialistar.

Statsrådane la ned embeta og Kongen klarte ikkje å skaffa nye, så unionen fall med ei bisetning i eit finurlig formulert vedtak på Stortinget 7. juni: «foreningen med Sverige under en konge er opløst som følge af, at kongen har ophørt at fungere som norsk konge

I ei folkerøysting var berre 184 mot å oppløysa unionen. På storsvensk side blei dette sett på som ein revolusjon, men det roa seg under forhandlingane i Karlstad. Unionen var ei daud sild i salaten.

Tilhøvet mellom grannelanda blei raskt betre då dei kom ut av tvangsekteskapet. Me lærte mykje av storebror om folkhämmet då me bygde opp det norske velferdssamfunnet. Svenske tilstandar var eit føredøme. Byråsjefen har ikkje tal på kor mange utgreiingar han las og kor mange studieturar han var på i Sverige.

Volvo-avtalen kunne ha blitt eit stort steg framover. Det var ein plan for industrisamarbeid der Noreg skulle overta 40 prosent av aksjane i Volvo-konsernet i bytte mot oljeblokker i Nordsjøen. Det var skepsis på Stortinget, men opplegget blei felt av eit blokkerande mindretal av svenske aksjonærar i 1979. Dei hadde inga tru på framtida for norsk sokkel og meinte at Volvo blei selt for billig.

Betre gjekk det ikkje då Telenor og Telia skulle fusjonera i 1999. Det enda med at den svenske næringsministeren utropte Noreg til den siste sovjetstaten.

I mellomtida hadde Sverige blitt medlem av EU i 1994, men svenskesuget var ikkje så sterkt at Noreg slo følgje. Me fann i staden ei bakdør gjennom EØS – stundom med svenskane som døropnarar. Og dei har snike seg inn i Nato gjennom den baltiske kanalen.

Det går lagom mellom broderfolka. Det norske veslebrorkomplekset er borte etter at me blei rikare og fekk sterkare krone enn dei. Me kjøper opp stugor i avfolka glesbygder og har snart gjenerobra Bohuslän-kysten. Me tar den største harryhandelen på skjærtorsdag, som dei ofra i produktivitetens namn. Då nasjonaldagen blei fridag i 2005, var det i bytte mot andre pinsedag. Til gjengjeld har me nytte og glede av unge partysvenskar som skreller bananar og løftar servicenivået i serveringsbransjen.

Verken svenska synden eller den høflege og inneslutta tystnaden er like lokkande som før. Sett med norske auge er det svenske problemet at dei strevar med den moralske impulsen til å vera korrekte og halda ordning och reda. Det kokar og boblar under yta. «Svenske tilstandar» er snudd 180 grader rundt og har blitt eit skremmebilete i norsk politikk og samfunnsdebatt.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Byråsjefen har ikkje tal på kor mange studieturar han var på i Sverige.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis