Storting og ombodsmann tekne ved nasen

For ti år sidan vart ein 200 år gammal praksis med å sende lister over embetssøkjarar til Stortinget avslutta.

Publisert

Spørsmålet om når ein søkjar til eit statleg embete skal få sleppe å stå på den offentlege søkjarlista, har vore omstridd heilt sidan vi fekk offentlege søkjarlister. Meininga med slike lister var at ålmenta skulle få vite kven som søkte embeta. Det gjorde det mogeleg å kontrollere kven som søkte, og om dei var kvalifiserte for den stillinga dei søkte. Det ville også gjere det mogeleg for andre søkjarar å sjå om dei som konkurrerte om stillinga, hadde dei kvalifikasjonane som var naudsynte for stillinga.

Fleire klager

Frå fleire hald har det vore hevda at det å offentleggjere namn på dei som søkte stillingar, ville få kvalifiserte søkjarar til å la vere å søkje. Det er særleg advokatar som har meint dette. Tanken er at det offentlege difor ville misse gode søkjarar.

Etter det eg kjenner til, har det ikkje vore granska om det offentlege går glipp av gode søkjarar dersom det vert kjent at ein person har søkt stillinga. Tvert om kan det vere det motsette som er tilfellet. (Jamfør utsegna frå Trangviksposten: «Det er sanneleg godt gjort av ein så ung mann å søkje ei så høg stilling.»)

For om lag ti år sidan vart spørsmålet diskutert, og som Stortingets ombodsmann fekk eg fleire klager frå journalistar som meinte at vilkåra for å gjere unntak ikkje var oppfylte. Eg gav fleire klagarar medhald og viste mellom anna til at regjeringa kvart år som lekk i grunnlovskontrollen sende ei oversikt over tilsetjingane i offentlege embete til Stortinget. På denne lista stod alle som hadde søkt, kven som var innstilt, og kven som fekk embetet. Eg tykte då at det ikkje var nokon reell grunn til å la folk sleppe å stå på dei offentlege søkjarlistene. Ålmenta ville etter kvart i alle høve bli kjend med kven som søkte.

Avslutta praksis

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement