JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Storting og ombodsmann tekne ved nasen

For ti år sidan vart ein 200 år gammal praksis med å sende lister over embetssøkjarar til Stortinget avslutta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3322
20210312

Embetsutnemningar

Dag og Tid har gjennom fleire artiklar avdekt korleis Solberg-regjeringa har brote ein meir enn 100 år lang praksis om ikkje å utnemne eigne medlemer til statlege embete.

Då søknaden frå den siste av tre statsrådar vart handsama i fjor haust, vart søknaden halden hemmeleg. Dag og Tid klaga det inn for Sivilombodsmannen, som kom med klar kritikk mot hemmeleghaldet.

Aukande hemmeleghald gjennom dei siste åra frå fleire regjeringar har motivert Arne Fliflet, som var sivilombodsmann 1990–2014, til å skrive om noko han opplevde i denne rolla.

Kommentar

redaksjonen@dagogtid.no

Spørsmålet om når ein søkjar til eit statleg embete skal få sleppe å stå på den offentlege søkjarlista, har vore omstridd heilt sidan vi fekk offentlege søkjarlister. Meininga med slike lister var at ålmenta skulle få vite kven som søkte embeta. Det gjorde det mogeleg å kontrollere kven som søkte, og om dei var kvalifiserte for den stillinga dei søkte. Det ville også gjere det mogeleg for andre søkjarar å sjå om dei som konkurrerte om stillinga, hadde dei kvalifikasjonane som var naudsynte for stillinga.

Fleire klager

Frå fleire hald har det vore hevda at det å offentleggjere namn på dei som søkte stillingar, ville få kvalifiserte søkjarar til å la vere å søkje. Det er særleg advokatar som har meint dette. Tanken er at det offentlege difor ville misse gode søkjarar.

Etter det eg kjenner til, har det ikkje vore granska om det offentlege går glipp av gode søkjarar dersom det vert kjent at ein person har søkt stillinga. Tvert om kan det vere det motsette som er tilfellet. (Jamfør utsegna frå Trangviksposten: «Det er sanneleg godt gjort av ein så ung mann å søkje ei så høg stilling.»)

For om lag ti år sidan vart spørsmålet diskutert, og som Stortingets ombodsmann fekk eg fleire klager frå journalistar som meinte at vilkåra for å gjere unntak ikkje var oppfylte. Eg gav fleire klagarar medhald og viste mellom anna til at regjeringa kvart år som lekk i grunnlovskontrollen sende ei oversikt over tilsetjingane i offentlege embete til Stortinget. På denne lista stod alle som hadde søkt, kven som var innstilt, og kven som fekk embetet. Eg tykte då at det ikkje var nokon reell grunn til å la folk sleppe å stå på dei offentlege søkjarlistene. Ålmenta ville etter kvart i alle høve bli kjend med kven som søkte.

Avslutta praksis

Dette merka regjeringa seg, og det tok ikkje lang tid før ordninga med å sende Stortinget listene over embetssøkjarar vart avslutta.

Ein meir enn 200 år lang praksis var dermed over. I staden for å få ei offentleg liste frå regjeringa var Stortinget nøgd med å få ei liste oversend som ikkje var offentleg, og som berre kontroll- og konstitusjonsnemnda fekk sjå. Mitt argument med at desse opplysningane ville bli kjende i alle høve, vart dermed utan verknad.

Eg har spurt meg sjølv om Stortinget var klår over kva dei gjekk med på, eller om dei ikkje forstod at dei her svekte ombodsmannen og si eiga sak. I alle fall var eg lei meg for å bli teken ved nasen av regjeringa. No vonar eg at dette kan bli retta opp att.

Arne Fliflet er høgsterettsadvokat og tidlegare sivilombodsmann.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Eg gav fleire klagarar medhald.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis