Spora frå Versailles

For 100 år sidan kom Versailles-konferansen saman i Paris. Der gjekk det meste gale. I dag står me overfor mange av dei same utfordringane som ein ikkje klarte å løysa den gongen.

Signatarmaktene i Spegelhallen i Versailles 28. juni 1919, skildra av den irske målaren William Orpen.
Signatarmaktene i Spegelhallen i Versailles 28. juni 1919, skildra av den irske målaren William Orpen.
Publisert

I januar 1919 sette leiarane for dei fire sigersmaktene i fyrste verdskrigen – USA, Storbritannia, Frankrike og Italia – seg saman i Paris. Dei skulle skapa fred etter fire år med barbari. Sjeldan i historia har forventingane vore så store. Sjeldan har resultata vore så dårlege.

Dei heile byrja bra. I desember 1918 kom den amerikanske presidenten Woodrow Wilson til Europa med dei 14 punkta som skulle vera grunnlaget for fredsslutninga: transparente fredsavtalar, mest mogleg fri handel, ei nyordning av grensene i Europa basert på nasjonalitetsprinsippet, oppretting av ein polsk stat, generell nedrusting og danning av eit Folkeforbund som skulle handtera alle stridsspørsmål mellom sjølvstendige nasjonar i framtida.

Prinsippa til Wilson kunne vore grunnlag for varig fred i heile det 20. hundreåret i Europa om dei hadde blitt etterlevde. I staden blei forhandlingane eit småleg oppgjer der kvar av sigermaktene i Europa prøvde å grafsa til seg mest mogleg krigsbytte. Versailles-freden var nok ikkje den direkte årsaka til den andre verdskrigen, men måten spesielt Frankrike handsama Tyskland på, var med på å leggja grunnlaget for at Adolf Hitler kunne koma til makta 14 år seinare.

Kommunismen fall

Med samanbrotet til austblokka og Berlin-muren i 1989–1991 la Europa bak seg dei direkte fylgjene av Versailles-traktaten. Dei fyrste 20 åra som fylgde etter at kommunismen braut saman, var verda dominert av éi supermakt, USA. I den perioden var det ikkje mogleg at nokon store, altomfattande konfliktar kunne bryta ut, ganske enkelt fordi USA var så mykje sterkare enn alle andre. No ser me eit anna verdsbilete, med to store militærmakter – USA og Kina – og med fleire mellomstore, fyrst og fremst Russland, India og delvis Iran. I tillegg har me dei to europeiske atommaktene Storbritannia og Frankrike. Tyskland ser ut til å ha abdisert når det gjeld militærmakt, men har store økonomiske musklar.

Verda er med andre ord blitt meir slik ho var både før og etter den fyrste verdskrigen, før og etter Versailles. Kva som særmerkte situasjonen i tida kring det førre hundreårsskiftet, var at ei sjømakt – Storbritannia – dominerte den globale handelen, mens ei landmakt – Tyskland – ynskte å endra dei globale maktforholda til sin fordel. Stoda med éi dominerande makt som blir utfordra av ein ny, dynamisk industrinasjon var oppskrifta på katastrofe. Det heile førte til ein krig som kosta millionar av liv og nesten øydela Europa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement