JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Songen som stilna

17. mai står framfor oss, men for andre året på rad vert det ikkje tog, is og barnesong i skulegarden. Og om forskarane får rett, er det ikkje mange åra til berre toget og isen er att: Songen er pressa ut av skulen, og det utan at nokon har spurt borna.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5671
20210514
5671
20210514

«Det er mye som tyder på at sangen i barnehage og skule er truet», seier professor Anne Haugland Balsnes, ein av prosjektleiarane for forskingsprosjektet SangBarSk.

Sidan 2019 har eit stort nasjonalt forskingsprosjekt kartlagt songen i skular og barnehagar. Prosjektet skal dokumentere songens posisjon og funksjon i norske barnehagar og skular. Dette prosjektet vil stå for den største innsamlinga av songrepertoaret sidan 1970-talet.

Sterk tradisjon

I dei nordiske landa har songen alltid stått sterkt, og vi skal ikkje gå mange åra tilbake i tid før songen var ein naturleg del av skulekvardagen i Noreg. Men i dei siste læreplanane er songen knapt nemnd. Bokstavane og tala har pressa ut tonane, i ei gradvis annektering.

Det vart oppstand då utkastet til ny læreplan i norsk kom i 2018 og regjeringa foreslo å fjerne songen frå norskfaget. Musikknestor Jan-Roar Bjørkvoll åtvara mot ein kald skule som ikkje tek omsyn til at borna lærer gjennom songen.

I læreplanen for norskfaget, som gjeld frå 1. august 2020, er songen nemnd berre to gongar: I kompetansemåla etter 2. trinn står det at eleven skal «uttrykke tekstopplevelser gjennom lek, sang, tegning, skriving og andre kreative aktiviteter». I kompetansemåla etter 4. trinn står det at eleven «skal lese og lytte til fortellinger, eventyr, sangtekster, faktabøker og andre tekster på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samiske og andre språk…» I det siste målet er ikkje synginga nemnd i det heile, og i det første målet er songen redusert til ei tekstoppleving, på lik line med teikning, skriving og andre aktivitetar.

Fristund

Kvifor er songen i skulen viktig? Vakre tonar og tekstar kan skape ei fristund frå det prestasjonsbaserte alvoret i skulen. Songen kan skape ei høgtidsstund og vere strukturerande for skulekvardagen med ein start og ein slutt for dagen. Songen skapar samhald i klassen, mellom elevane og mellom lærar og elevar.

Det kan òg vere eit fint avbrekk i læresituasjonen, noko heilt anna, som kroppsøvinga, som kan få i gang hovud og kropp til å lære betre. Det å kunne noko utanboks er ein rikdom i seg sjølv. Ved å lære seg songar eller dikt utanboks kan ungane få språklege førebilete og kjennskap til sitt eige mål. Det å lære seg dei klassiske songane utanboks er dannande og kan skape samhald på tvers, der dei fleste norske skular no har elevar frå ulike kulturar og land.

Det å ta ut ting som har vore i skulen i alle år, gjer at vi taper kontakt med vårt eige, med det som sameinar oss. Verdien av ein felles kultur i ein felles songskatt skal ikkje undervurderast. Nasjonalt samhald er viktig, og det er fullt mogleg å halde oppe ein nasjonal byrgskap utan å verte nasjonalistisk. Songane våre er ein del av denne tradisjonen. Ved at dei fell ut, får vi meir uklarleik og ei mindre plattform for dialog med elevane som kjem frå andre kulturar.

Utviklar hjernen

Og om ein skal lytte til forskarane, er songen noko av det siste som burde kuttast i den norske skulen. Å lytte til song og rim utviklar båe sider av hjernen. Song har svært god effekt på språktrening, på relasjonsbygging og på læring av kultur. Musikalsk samvær styrkjer relasjonen mellom vaksne og born. Songen utviklar barnets evne til merksemd og stimulerer musikkglede som igjen utviklar barnet emosjonelt og intellektuelt.

Songen er ein særmerkt type tale: Tradisjonelle barnesongar hjelper til med å styrkje barnets evne til å tenkje i ord. I kvar kultur er godnattsongar og rim identitetsmerke og gjev innsikt i bøyingsmønster i språket. Dei førebur øyre, hjerne og røyst for språket. Det er merkeleg at noko så positivt, kostnadsfritt og effektivt som dagleg song er fjerna frå skulen.

Estetiske uttrykk

Av ein eller annan grunn verkar det å ta vekk ting for oss menneske mykje mindre dramatisk enn å leggje til ting. Reduksjonen går stillare føre seg enn tillegget. I dei reformatoriske kyrkjesamfunna forsvann dei konkrete tinga i messa mest over natta. Det katolske overskotet skulle vekk: Bileta og sidealtara vart fjerna frå kyrkja. Fleire av dei estetiske uttrykka som òg var ein del av den vestlege kristendomen, som røykjelsen, bønetekstane til helgenar, lysa og messinga av dei liturgiske ledda, vart fjerna. Skriftestolen vart kasta ut, no skulle Ordet rå grunnen åleine.

Men alle desse konkrete tinga var òg ein viktig del av trua. Dei vart sakna av folket. Trua sat visst ikkje berre i hovudet. No er det vel berre røykjelsen som ikkje er tilbake att i den lutherske gudstenesta. Nyare forsking på religion slår fast at det handfaste i trua kan vere vel så viktig som det abstrakte og ikkje-rørlege. Det er difor noko viktig for oss menneske som fell ut når dei minste kroppane framover ikkje skal nytte det eldste instrumentet i verda i skuledagen: røysta.

Kva for to songar burde vi alle kunne utanboks til 17. mai, i tillegg til «Ja, vi elsker»? Eg vel «Norge i rødt, hvitt og blått» av Finn Bø, Arild Feldborg og Bias Bernhoft og «Nordmannen» («Millom bakkar og berg») av Ivar Aasen.

Men bør vi ikkje strekkje oss litt lenger? Hadde det vore opp til meg, ville eg teke med diktet «Olav Trygvason» («Brede seil over Nordsjø går») av Bjørnstjerne Bjørnson. La oss utvide repertoaret. Vi bør ikkje vere nøgde med den oppbrukte «Til Ungdommen» av Nordahl Grieg.

Eskil Skjeldal er forfattar, teolog og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tradisjonelle barnesongar hjelper til med å styrkje barnets evne til å tenkje i ord.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis