Solnedgang over norsk arkitektur
Kommunaldepartement har vedteke at vi ikkje skal ha krav til sol i bustader i byggjeforskriftene. Det bryt med både norske ljosforhold og norsk byggjetradisjon.
Lytt til artikkelen:
I byar og stettstader blir bygningane stadig tettare og høgare. Mellomromma mellom husa, der folk møtest, og ikkje minst der solljos slepp til, blir det færre av.
No skjer det ei endring av regelverket. Ein skulle tru det innebar ei innstramming, slik at den vonde utviklinga vart snudd. Nei. Kommunaldepartementet har vedteke at paragraf 8-10, andre ledd, skal fjernast frå teknisk byggjeforskrift (TEK 17). Paragrafen «byggverk skal plasseres slik at det tas hensyn til lys- og solforhold, samt lyd- og vibrasjonsforhold» går ut.
Utdjupingar av forskrifta i rettleiaren kverv òg: «Alle boenheter og felles utearealer bør være solbelyst minst fem timer hver dag ved vår- og høstjevndøgn», og «ved plassering (av bygninger i terreng) bør det tas hensyn til god utnyttelse av solinnstrålingen og gode dagslysforhold i rom for varig opphold».
Etter planen skal dette statlege kravet forsvinne frå 1. juli neste år. Det har kome protestar, mellom anna frå arkitektar.
Det nordiske ljoset
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.