Slutt på den politiske stafetten

Om dei to styringspartia mistar hegemoniet, er tida inne for stadige omkampar og reversering.

I år har det kome inn rekordmange førehandsrøyster til kommunestyre- og fylkestingsvalet.
I år har det kome inn rekordmange førehandsrøyster til kommunestyre- og fylkestingsvalet.
Publisert

VALGRANSKARANE hadde det greiare i stordomstida til Henry Valen og Stein Rokkan. Dei politiske konfliktdimensjonane var relativt oversiktlege og stabile fram til EF-striden i 1972. Når ein hadde kartlagt sosial og geografisk bakgrunn, alder, kjønn, yrke, inntekt, formue, utdanning og kva veljarane røysta ved førre val, kunne ein nokså trygt varsla at dei ville halda seg på det same sporet. Partival var ofte ei familie-, slekts- og miljøhandling.

Men så tok veljarane til å vandra, kvar for seg og i flokk, og det blei stadig vanskelegare å spå valutfallet. Nå byter veljarar parti oftare enn dei skiftar mobiltelefon, og mange bestemmer seg i siste liten etter stemning, temperatur og hendingar i valkampen.

Arne MAGISTER STRAND i Arbeiderbladet er statsvitar med solid røynsle i haldningar og tankemåtar både frå innsida, i kretsane rundt og like utanfor Partiet. Han er ein mann med godt humør, så når han er alvorleg bekymra for Arbeidarpartiets lagnad, er det alvor.

Først måtte Arbeidarpartiet gje opp draumen om reint fleirtal. Så enda Gro-praksisen med stabilt slalåmkøyrande mindretalsregjeringar. Under Jens Stoltenberg gjekk Partiet for første gong inn i ei koalisjonsregjering, men med Arbeidarpartiet som størst, leiande og dominerande.

Nå er det ikkje eit usannsynleg scenario for Stortingsvalet om to år at Senterpartiet kan bli jamstort med Arbeidarpartiet, og slett ikkje at det sjølvutnemnde styringspartiet blir mindre enn grøne og raude samarbeids- og støtteparti. Vil DNA overleva det utan å kollapsa og bli pasokifisert som andre sosialdemokratiske parti i Europa?

BYRÅSJEFEN er meir uroa for at blokkene skal bli for markante og bygga høge retoriske og symbolske murar mot kvarandre, sjølv om dei politiske skilnadene eigentleg er små her i landet. Nye og attskapte konfliktdimensjonar kan øydelegga den norske konsensuskulturen med breie forlik som held grunnleggande spørsmål utanfor den partipolitiske dagskampen. I den normale politiske stafetten har ei ny regjering med andre fargekombinasjonar i all hovudsak ført utviklinga vidare med små og symbolske justeringar, utan å gjera om store strukturreformer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement