Slagne sosialdemokratar opp av oska?
Kanslarkandidatane i tet har snubla stygt. Det gjev uventa håp for dei tyske sosialdemokratane, som gjer valet til eit personval.
Vinteren 2018 var heilsvart for dei tyske sosialdemokratane. Hausten før hadde kanslarhåpet Martin Schulz leia partiet til det dårlegaste valresultat i etterkrigstida. No brann det i roseleiren.
Skulle partiet for tredje gong gå inn som fargelaus juniorpartnar med Angela Merkels kristelegdemokratar? Eller skulle ein tvinge fram nyval og risikere eit endå meir miserabelt resultat enn sist? Trass i hard intern strid valde partiet det sikraste alternativet. Merkels skugge var betre enn ansvarsfråskriving og maktesløyse.
Maktkampen var uttrykk for eit dilemma som har sett tysk venstreside i skvis heilt sidan Merkel vart kanslar i 2005. Valresultata har ofte gjort det vanskeleg å samle fleirtal på høgre- eller venstresida i stabile fleirtalsregjeringar. Då har sosialdemokratane måtta velje mellom å reindyrke rolla som Merkels motstandar eller syne ansvar ved å trø inn i storkoalisjonar og syte for eit stabilt styre.
Sjølvpining
Denne sjølvpininga kjem av eit særpreg ved tysk politisk kultur. Minna om stadige regjeringsskifte før Hitlers maktovertaking har gjort parlamentarisk fleirtal til ei naudsynt forventning for alle som vil skipe ei regjering. Går ikkje matematikken opp med dei mindre partia, må dei store trø til som juniorpartnarar i politiske fornuftekteskap for å sikre stabilitet.
Difor har sosialdemokratane dei siste 15 åra blitt ståande i bakgrunnen – med målingar ned mot 12-talet. Regjeringsslitasjen har erodert veljargrunnlaget. Betre vart det ikkje då Dei grøne byrja ta veljarar i sentrum og gjekk forbi på målingane. Lenge såg det ut til at tida hadde gått frå Europas eldste sosialdemokratiske parti, og at dei skulle dele lagnad med det franske sosialistpartiet, som fekk under 7 prosent i presidentvalet i 2017.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.