Skattkammeret

Den gotiske katedralen Notre-Dame i Paris har ein heilt særeigen klang.

Ein fotomontasje frå Notre-Dame før brannen.
Ein fotomontasje frå Notre-Dame før brannen.
Publisert

I verket Om gallarkrigen er Julius Cæsar den fyrste som nemner byen på den vesle øya i Seinen. Det skulle gå over tolv hundre år frå Cæsar stod på øya, til Maurice de Sully i 1163 byrja å reisa kyrkjebygget, eit mønster på ein gotisk katedral. Notre-Dame stod ferdig i 1250.

Inne i kyrkja står ein folkekjær statue frå ca. 1350 av henne som har gjeve katedralen namn: Maria, «Vår Frue». Paris-madonnaa, vert skulpturen kalla, og ingen veit kor mange millionar votivljos som gjennom hundreåra har vorte tende framføre det milde åsynet hennar.

Syrgjeleg forfall

Eg sat og åt kveldsmat heime hjå den gamle mor mi då det i ei tekstline under Dagsrevyen vart meldt om brann i Notre-Dame i Paris, men førebels var det ikkje dramatisk nok til å ta biletplassen frå heimlege nyhende, og slett ikkje frå heilagdomar som sporten og vêrmeldinga.

Då NRK endeleg vakna, fekk me eit syrgjeleg prov på forfallet i ålmenndanning sidan det gamle gymnaset vart nedlagt: Hadde dette hendt i 60-åra, ville me fått Gidske Andersons presise radiorøyst til bileta frå Paris. Den norske journalisten ville på sparket vore i stand til å gje oss gripande inntrykk av Notre-Dame i fortid og notid – ja, ho ville sjølv ha vore gripen, endå ho truleg var ateist, for ho var både parisarinne nok og kultivert nok til å skjøna kva sår ein slik brann ville setja i franske og europeiske sjeler.

Men NRK har satsa einsidig på det angloamerikanske, og dei som innleiingsvis skulle kommentera katastrofen i Paris, sat som sogelause amerikanarar i høve til vår eigen europeiske kulturarv. Dei var opptekne av å sitera Trump, som på amerikansk vis ville løysa problemet frå lufta. Det ville vore like øydeleggjande for Notre-Dame som det er for alle dei landa amerikanarane prøver ut luftløysingar på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement