Skal norsk historie ut av skulen?Framlegget til historie frå Utdanningsdirektoratet bryt med tradisjonen i dette skulefaget.

Framlegget til historie frå Utdanningsdirektoratet bryt med tradisjonen i dette skulefaget.

Publisert

Historiefaget gir ikkje lenger ei felles nasjonal referanseramme. Alt blir individualisert. Det er ikkje lenger noko skilje mellom norsk og internasjonal historie. Ingen konkrete historiske hendingar, epokar og personar er nemnde i planen.

I den eksisterande planen er det eit skilje mellom Vg2 (andre klasse i vidaregåande skule) og Vg3 (tredje klasse i vidaregåande skule). I Vg2 var pensum noregs- og verdshistorie fram til ca. 1750, medan nyare historie er tematisert i Vg3. No er skiljet oppheva, samtidig som kronologien i faget er fjerna.

Læreplanane etter Kunnskapsløftet 2006 introduserte kompetansemål som retningsgivande for opplæringa. I historie er desse måla generelle, men eg og kollegaene mine har likevel til no kunna undervise i historie etter tradisjonen i faget og følgt ei kronologisk line: I noregshistorie har det innebore at vi har følgt lina frå dei første busetjingane til vikingtida, frå Noregsveldet på 1200-talet til svartedauden, deretter frå unionstida under Danmark til Grunnlova i 1814 fram til innføringa av parlamentarismen og unionsoppløysinga med Sverige, industrialiseringa i fleire fasar, okkupasjonsåra og etterkrigstid fram til vår eiga samtid. Tilsvarande i verdshistorie: frå dei første elvekulturane til antikken med epokane fram til i dag.

Kjeldekritikk

Dette har gitt oversikt og meining. I tillegg har elevane lært kjeldekritikk. I undervisninga har vi støtta oss på læreverk som er oversiktsverk over eldre og nyare historie.

Eg kan ikkje sjå at det er mogleg å undervise på denne måten etter den nye planen, som er full av høgstemte formuleringar som: «Elevene skal opparbeide seg innsikt i og oversikt over viktig historisk innhold, temaer og perioder gjennom arbeid med store spørsmål.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement